søndag 21. mars 2010

Bok 13: Fransk på nynorsk

Først må eg berre kome med ei presisering: Eg gir meg ikkje  ut for å vere litteraturkritikar.  Når eg skriv om bøker, er det mi meining om bøkene de får presentert. 

Sist eg las Gevalda, var det ei papirutgåve av "Saman er ein mindre åleine".  Eg brukte lang tid på den, og fekk ikkje heilt taket på boka.  Eg har kollegaer som er begeistra for Gevalda.  No hadde eg bestemt meg for å gi forfattaren ein ny sjanse, eller kanskje helst meg sjølv, og ville prøve denne i lydbokutgåve.

Då eg høyrde at det var einn mann som las boka, vart eg overraska.  Men så viser det seg at hovudpersonen er ein mann på min alder.  Opplesaren skarrar på r-en.  Det irriterer meg først.  Ein skarrar ikkje på nynorsk.  Det er greit med Wassmo på nord-norsk dialekt, og Staalesen skal lesast på bergens-dialekt, men utanlandsk omsett litteratur skal lesast på nøytralt språk.  OK, så måtte eg seie til meg sjølv at fransk har skarre-r, så det går bra.

Det er vanskeleg å vite akkurat kva eg skal sette fingeren på. Eg får ikkje taket på denne romanen heller.  Rett nok møter hovudpersonen ulike personar og  går gjennom ein modningsprosess.  Men eg synest det vert mykje ordgyteri.  For meg vert den kjedeleg.  Men det gjer ingen ting, for forfattaren har mange tilhengjarar og bøkene sel godt.

4 kommentarer:

Besta sa...

Eg har ikkje lese denne boka, men to andre Gavaldabøker, og eg har likt dei. Ikkje sånn overbegeistra for den siste eg las som den første. For meg funkar skarre-r på nynorsk heilt utmerka, sjølv om eg i utgangspunktet er lite begeistra for denne avarten av r-lyden.Men i store delar av det norske nynorsk området skarrar dei, så det er berre å godta.
Eg les for tida ein av mine favorittforfatterar Haruki Murakami:Elskede Sputnik.Den teiknar bra.

solveig sa...

Eg såg den var på lydbok i bokhandelen på Amfi i Ulsteinvik. I morgon skal eg på biblioteket her i skuletida. Eg får nok tid til å sjekke om der er noko nytt. Viss ikkje, får eg ta meg ein tur over Eidet.

Lappetausa sa...

Eg prøvde meg på Saman er vi ... som lydbok, men måtte gje meg, eg orka rett og slett ikkje den opplesaren! Har tenkt som du, at forfattaren burde få ein ny sjanse, sidan ho er så populær, får sjå om eg gidd. No har eg ein murstein på nattbordet, Dronningofferet av danske Hanne-Vibeke Holst, kjem ikkje heilt inni den heller. Likte bøkene hennar så godt før. Nei, eg forstår ikkje kva som skjer... Uansett så har eg bestilt 2. sesong av Forbrytelsen til påske, det kan eg kose meg med. Strikkar grøn gensar ala Sofie.

solveig sa...

Eg har "Arr i sjelen" på lur ...
Kjekt å høyre at det er andre som tenkjer likt m.o.t. opplesar og anna.