onsdag 17. mars 2010

Ein smoothie etter min smak

I "Spis smart" les vi at etter trening bør ein fylle opp glykogenlagra innan 1/2 time.  Kroppen treng karbohydrat og væske! Smoothie er eit døme på slik restitusjonsmat.  Til kvardags går det mykje i bananar og mjølk.  I oppskrifta i boka var det ikkje anna tilsett sukker enn den i yoghurten.

I dag laga vi fire glas smoothie etter inspirasjon frå boka. 
Vi blanda ingrediensane i hurtigmiksaren på Kenwooden.

1/2 pk frosne bringebær (200g/4 dl)
2  små skogsbæryoghurtar
2 dl eplejus
1 stor banan

Ein kan sjølvsagt velje andre typar bær og yoghurt.
Eit anna tips er å fryse ned bananar som held på å bli overmodne til seinare bruk.

1 kommentar:

Besta sa...

Smoothie har eg aldri smakt, og ikkje trur eg at eg fortener det heller. Sidan eg ikkje trenar altså.