måndag 1. mars 2010

Brokkolisuppe

Det var fleire grunnar til at eg valde å prøve Alt godt si brokkolisuppe. Eg nappa oppskrifta ut av Sunnmørsposten laurdag.  I kjøleskapet hadde eg ein halv stilkselleri og ein brokkoli eg ville få brukt opp.  Då eg kom heim frå jobb i dag låg der ferske egg på benken, og dei hadde steikt karbonadar og kokt poteter til mor kom heim. 

Ein her ville vite om suppa er supersunn?  Jau med olivenolje og jamning berre av mosa grønsaker, så må den vel kunne kallast det.  Eg synest det er godt med suppe til forrett, og det er ikkje så verst til kveldsmat heller.

Suppa vart noko mildare enn eg hadde trudd med heile tre stilkar selleri.  Elles brukte eg sjølvsagt stilken på brokkolien etter at eg hadde tatt vekk det som var "veda".  Konsistensen vart perfekt.

Gå inn på Alt godt og lag denne suppa!

2 kommentarer:

Besta sa...

Det var ein litt uappetitlig farge på suppa, men den er sikkert god.No kom eg plutselig på at eg likar godt spinatsuppe, det er det lenge sidan eg har smakt. Før fekk ein kjøpt spinatpuré på boksar, akkurat som tomatpuré. Har du sett noko slikt på butikkane no?

Besta sa...

PS:
I ei lita hushaldning kan ein ikkje kjøpe i hop og ha liggande alle slags ingrediensar.Derfor er det greitt med litt hermetikk og halvfabrikata, sjølv om ferskvariantar er sunnare og betre.