laurdag 13. mars 2010

Krigshumør

Etter at eg hadde fått unna frukost og rydda her sånn nokonlunde, kjende eg at eg var i eit heilt spesielt humør.  Eg brukar å kalle det krigshumør når eg føler det slik.  Det er akkurat som om eg har fått eit spark bak, og så får eg lyst å gje andre det og.

Når denne kjensla kjem over meg, er det berre å gå i gang.  Det er alltid noko ein har utsett å ordne.  Eg fekk skifta batteri i ein kalkulator og gjort unna opptil fleire ærend.  Då eg fekk Statoilkrus til jul, hadde dei ikkje hatt slike feste.  Blogglesarar har spurt om bilde av nyebilen, men han står inne i garasjen medan Øystein er i Oslo.  Her er visst venta 40 cm snø.  Heldigvis smeltar mykje av den etter kvart.  I dag hadde eg bråhast med å få tak i feste.  Øystein har spurt etter fleire gongar, seier han.  Så no hadde eg bestemt meg for at dei i alle fall skulle skaffe til neste gong han spør.  Men i dag var det berre å forsyne seg!
Då eg hadde fått gjort unna dei mindre kjekke oppdraga, gjekk turen innom Floriss.  Dei hadde påskeliljer til 15 kr potta.  Det smatt visst eit par tulipanpotter oppi og.  Eg meiner det var slike Rødhetter som kjem att.  Eg trur vi må satse på å pynte i potter ute til påske.  Eg trur knapt vi får sjå ei snøklokke før den tid.  Eg har grave ned mange løkar kvart år.  Det er alltid spennande å sjå kva som kjem att.
Til middag i dag vart det tunfisk/pastasalat frå "Spis smart".  Eg kjøpte tunfisk både i olje og vatn for å sjekke om det stemmer at den i olje er best.  Det gjer det.  Eg hadde salat att frå i går.  I tilleg kokte eg pasta og sette fram ingrediensane som de ser på bildet.  Det stod ikkje noko om dressing i boka, men eg bruker å blande litt sitronsaft og sukker i lettrømme.
Så fekk ein ta det ein ville i kvar si skål.  Eg kunne tenkt meg oliven, men det fann eg ikkje. Focacciaen tok eg ikkje bilde av, heller ikkje risgrauten.
Sjå på denne fulle pakken med grov pasta!  1/3 er luft.  Neste gong eg er i krigshumør skal eg kontakte coop.  Dei må syte for at all änglamark sin grove pastatypar kjem i butikkhyllene i alle norske Coop-butikkar.  No finn ein berre vanleg spagetti i grov type.  Der er i alle fall lite luft i posane.  Eg forstår at ein betaler for vekt, ikkje volum, men likevel.  Det vert sløsing med plass på bilane.

6 kommentarer:

Besta sa...

Her er det veldigt utval av grove pastatypar i Coopbutikken-og eg kjøper Ænglamark.Det einaste eg ikkje har funne er grov Tagliatelle.
Eg er litt oppgitt over at eg skal ha så mykje datatrøbbel. I dag er det den trådlause musa til den stasjonære som streikar, til tross for at eg har skifta batteri. Dermed får eg ikkkje brukt skanneren.

solveig sa...

Då får eg mase her nede!
Datatrøbbel kan ikkje eg hjelpe med ...

Lappetausa sa...

Det er herleg med slike dagar ein får unna ting ein ikkje har så lyst til, "får ånden", diverrre er det lenge mellom kvar slik dag her i garden.

solveig sa...

Nei, det gjeld å handle på kjensla!

Besta sa...

Må innrømme at eg fall for freistinga og kjøpte to orange eldtoppar i går.Hadde eigentlig tenkt å ikkje kjøpe blomster før påske, men no går den eine orkideen etter den andre til kvile.....

solveig sa...

Ein treng noko fint inne når det er heilt kvitt ute!