fredag 18. september 2009

Bok 58: Sidesnuar - sidevridar

Eg har prøvd å kome på eit norsk ord for pageturner. Denne gongen var eg heldig og begynte på den første boka i serien. Hovudpersonane vert bygd opp og skildra slik at det var lett å henge med i svingane.

Hovudpersonen er ein politietterforskar som har overlevd eit fangenskap. Han har eit ambivalent forhold til denne seriemordaren som han no besøker kvar søndag. På grunn av dei medisinske ekperimenta ho påførte han, et han altfor mange piller og er til tider rusa på jobb.

I denne boka er journalisten Susan i ferd med å skrive artiklar om han. Vi ser henne for oss med rosa hår.

Dette er absolutt "min" type krim, seriemord og psykologi. Les gjerne meir her.

4 kommentarer:

arieldog sa...

Ja, då eg såg at du las den, tenkte eg du ville like den. Eg har ikkje funne nummer 2 enno, men den skal lesast!

solveig sa...

Eg ser i alle fall på Bokkilden at den finst som lydbok!

Besta sa...

Eg skal prøve å hugse å ta med meg I-poden i morgon, så kan du få ladde den opp.

solveig sa...

;-)