
Det er liv i surdeigen. Men i går finlas eg oppskrifta, og oppdaga at oppskrifta endrar seg litt dag for dag. Det var heldigvis ikkje for seint å ha i salt. Ein ting har eg derimot gjort feil. Ein skulle bruke sammalen rug, fin frå dag 2. No satsar eg på at det går bra likevel. Deigen har kome i kjøleskåpet der han skal vere til i morgon.
Denne veka har vi laga vaflar og syltetøy på skulekjøkenet. Eg har presisert kor viktig det er å lese gjennom ei oppskrift først, og etterpå tek ein punkt for punkt. Her er det berre å følgje eigne råd med andre ord.

Då eg kom heim frå foreldremøte i dag, hadde yngste mann laga to store pizza etter oppskrift frå gamle "Frå bollar til burritos" og eigen fantasi. Nydeleg var den.
1 kommentar:
Det surdeigsprosjektet blir for "innvikla" for meg. Dessutan stod der på oppskrifta at det var vanskelig.Men det blir sikkert gode brød for dei som har tolmod til å halde ut prosessen.
Pizzaen såg herlig ut. Flink gut!
Legg inn en kommentar