Med ujamne mellomrom har eg hatt surdeig i hus. Den har helst vore sørpete. Noko anna som undrar meg, er at det, slik eg forstår det, vert brukt fint rugmjøl i denne oppskrifta. Tidlegare har eg brukt sammalen kveite, fin.
Blogglesarane skal få følgje prosjektet, og eg tek gjerne imot innspel undervegs.
p.s.
Viss nokon trur at eg har tenkt å kaste deig, kan dei ta det heilt med ro. Den bruker eg å blande i dei daglege brøddeigane i brødbakemaskina.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar