Eg har gått og sett på deigklumpen eg laga i går og vore skeptisk. Med då eg sette slikkepotten i deigen, oppdaga eg at det som var ein fast klump i går, var blitt full av luftbobler.
Den delen av deigen som skulle kastast, i følgje oppskrifta, putta eg i ein loffdeig. Dette gav to landbrød. Karane er på Høddkamp og er sikkert svoltne att når dei kjem heim.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar