søndag 14. juni 2009

Fisk på grønsakseng

I går laga eg denne fiskeretten utan oppskrift. Då kom eg på at eg ville dele den som middagstips med blogglesarane. I dag var eg bortom skulekjøkenet der eg hadde heftet med oppskrifta i. Oppskrifta er vel omtrent 15 år gammal. Så den har vorte ein klassikar her i huset. Eg likar å ha både rømme og fløyte i huset. Viss eg ikkje brukar den til noko anna, vert den ofte putta i ein fiskerett før den går ut på dato. Denne er det rømme i, men eg brukte creme fraîche i, og det vart godt.
600 g grønsakblanding, frosen (fransk?)
600 g seifilet, tina

1 1/2 dl seterrømme
1 ts salt
1/2 ts pepar
150 g riven ost, gjerne jarlsberg

Legg grønsakblandinga i ei eldfast form.
Skjer seifileten i serveringsstykke og legg dei over.
Bland resten av ingrediensane og legg det over fisken.

Steik retten 12-14 minutt i mikrobølgjeomn på full styrke (600 W)
eller i steikeomn ved 200 g i ca 40 minutt.

Følg gjerne oppskrifta første gongen! I går hadde eg mindre ost, meir fisk og ein heil boks "rømme". Sausen er svært god. I oppskrifta står det at ein skal servere ris til, men poteter er også godt.

P.s.
I går kokte eg graut av risrestar frå to dagar. I dag vart grautrestane til riskrem. Så no er her tomt for både rømme og fløyte. Til middag har vi hatt nakkekotelettar med smørkokt nykål (m.a.)

4 kommentarer:

arieldog sa...

Den er god! Eg plar bruke det eg har av grønsaker - purrerestar, til dømes. Det er dessutan mogleg med fløyte i staden for rømme, og då er det godt å steike t.d. paprika og løk som "underlag" for fisken. Vart aldri så lite svolta her. I dag har eg hatt kneippbrød med rekesalat til middag...)

solveig sa...

Denne varianter er svært raskt laga. Ein treng ikkje ta fram skjerefjøla eller steikepanna. Rømme gjev meir smak enn fløyte, så der er det smak og behag som gjeld.

Hildegard sa...

Dette såg godt ut, skal prøve denne. Min er ein magrare variant: purre/løk/paprika + ein boks hakka skinnfri tomat som seng og seifilet på toppen, salt og sitronpepar. Kokt ris, grønnsaker evnt. salat. Smakar nesten som bacalao. Trur nok at borna heller vil ha din variant.
Eidabesta

solveig sa...

Vi har fått mykje god fisk av pappa, så her gjeld det å variere!