fredag 2. april 2010

Kvar for oss

I dag vakna vi til ein dag heilt utan program.  Spørsmålet vert då kva ein skal finne på! I går ettermiddag skein det opp her, så veret var ein skuffelse.  Frøkna var ute av dørene før foreldra stod opp.  To av karane må kvile beina til storkampen i morgon. Mannen i huset vil på skitur.  Kva vil eg?  Eg veit at om eg vert med han, kjem han til å legge ut på ny treningstur seinare på ettermiddagen.  Derfor gjer eg det eg har mest lyst til: Trimtur rundt vatnet med Fuglemannen på øyrene.  Til middag har eg berre laga ein pakke brun saus.  Vi har restar nok frå i går til å varme i microen.  Noko som høver godt når folk fer i fleire retningar til ulike tider.

2 kommentarer:

Besta sa...

No har vi vanligvis ikkje så mykje program for dagane våre, men ymse gjeremål blir det no. I dag hadde vi ingen planar-noko som betyr at for min del blir ingen ting gjort. Heldige dei som kan gå tur!

ariel sa...

Det er kjekt å gå tur med lydbok!