laurdag 24. april 2010

Tamilsk geburtsdagsfeiring


Tamilane har stor feiring når borna fyller eitt år.  I fjor skjedde det så mykje trist på Sri Lanka, så det høvde ikkje å ha fest.  Så Thanura måtte vente til ho vart to med si feiring.  Dette er bursdagskaka hennar.
Broren som fylte seks år for to dagar sidan, hadde si eiga kake.  Eg kjøpte like store gåver til begge to, duplo til hanne og lego til han.  Tamilane gjev helst konvoluttar.  Dei får nok omtrent like mykje som ein norsk konfirmant.  Nokre fleire gjester er der nok, eg talde 18 bord med plass til 8 rundt kvart.

Det er mennene som kokar.  Dei hadde starta klokka to i natt for å lage rettar til bufféen.  Der var eit godt utval av varme rettar, salatar og ris.  Brød brukar dei ikkje. 
Etter kvart vart det underhaldning med song, dans og leikar på scena.  Denne konkurransen forstod vi etter kvart.  Dei skulle ha 13 jenter til å halde kvar si nummermappe.  Inni stod det tal for kor mykje pengar dei kunne få.  Men tre av jentene hadde 0 inni si mappe.  Ein skulle trekke 5 tal.  Fekk ein 5 summar, fekk ein pengepremie, men heile premien rauk om ein fekk ein 0.  Ein og ein vaksen person fekk prøve seg.  Desse vart heldt litt moro av.  Vi fekk føle korleis det var å vere i mindretal og ikkje forstå språket.   Berre eitt ord gjekk att og var lett å forstå "nømberr".  Men dei var flinke å sende ein person bort og forklare for nordmennene.  Dei spelte ikkje om pengar på rett i dag. 

I sekstida begynte dei å dele ut forfriskningar i form av leskedrikk.  Då kjende eg at kaffitørsten kom sigande.  Eg hadde ikkje smakt sorten sidan frukost.  I raskt tempo vart det bore fram kaffi og eit sunnmørsk kakebord med marsipankaker, sjokoladekaker, ostekaker,gulrotkake, blautkake, kvæfjordkake og tamilske spesialitetar. Eg var no frekk nok til å spørje om det var mannfolka som hadde laga kakene og.  Det var det ikkje.

Men pyntinga står karane for!  Før vi takka for oss, gjekk vi fram til dei to borna med gåver og la dei på bordet.  Alle måtte stå der og bli filma og fotograferte.  Vi naboane gjekk fram saman.
Her har naboamilien vår skifta antrekk.  Det var sikkert ein travel, men kjekk dag for dei.

5 kommentarer:

Besta sa...

Sidan ikkje alle vi andre er så inne i tamilske skikkar, er det kjekt at du fortel om denne feiringa.Eg visste at dei feira veldig når barna fyller eitt år, det har vel med det å gjere at frå gammalt av var det nok vanlig at dei miste mange barn første leveåret?

solveig sa...

Ja, og det var helst gutande som vart feira. Jentene feirar det dei i Norge kallar "mensenfesten". Kanskje for å vise at dei har giftemodne døtre?

Besta sa...

Gløymde å seie at den vesle jenta er heilt skjønn. Minner om vesle Nirosha som eg hadde som elev for ganske mange år sidan.

arieldog sa...

Interessant innlegg!

solveig sa...

Som de ser, har dei fått baby igjen, så neste år vert det vel ny fest!