laurdag 10. april 2010

Bok 16: Hybridroman


Eg har lært meg eit par nye ord denne veka.  Det første er hybridavsnitt. Det er når ein ikkje skriv ut lina inni avsnitta.  I 10.-ande må vi terpe på dette. Nytt avsnitt eller skriv ut lina, heiter regelen.

Når anmeldaren i Dagsavisa kallar "Marions slør" ein hybridroman, forstår eg akkurat kva ho meiner.  Romanen gir seg ut for å vere krimroman.  Boka inneheld eit mysterium, ja  her er også ein seriemordar på ferde.  Men er det krim?

Detektiven er ei dame med privatliv.  Eg likar å verte kjend med hovudpersonen.  Byrjinga på boka er god.  Men så vert det mykje om å men.  Forfattaren debatterer fordommane mot muslimar.  Ting tek tid.  Dei arbeider treigt og står faste.  Kven er mest anonym her i verda, vert eitt spørsmål. 

Boka er grei å lese.  Her er mange interessante betraktningar undervegs.  Men spennade vil eg ikkje kalle denne romanen. 

1 kommentar:

Besta sa...

Kanskje vi skulle hatt fleire hybridromanar? Elles har vi sjangerforventningar og blir sjangerforvirra....No fann eg ei heilt ny bok av min gamle venn Arnaldur Indridason:Irrganger.
Det er sjølvsagt ein kriminalroman, men eg les bøkene hans meir for dei andre elementa som også er der. Ein slags hybrid?Berre synd at ikkje bøkene er omsett til nynorsk, det hadde passa betre for islandske bøker.