torsdag 29. april 2010

Handfaste bevis

I fjor var eg ute og fotograferte den tidlege våren 28. april.  I går gløymde eg meg, men i dag kom eg på at eg hadde bestemt meg for å ta bilde av same plantane eitt år etter.
I fjor hadde stod den mørkeraude peonen med knuppar.
I år er der liv, ja.
Tulipanar og liljer frå krukkene året før.
Skal tru om dei vert like fine i år?  Staudane som vaks i dette bedet i fjor, vart oppetne.   I dag fann eg fleire sniglar med hus.  Eg veit ikkje om eg skal offentleggjere avlivingsmetoden.
Rhododendronen hadde begynt å blomstre.
I år er der små knuppar.
Langs dette bedet med høge staudar har eg begynt på ei rad med påskeliljer.  Det er slike eg har pynta med ute og inne og på grava.  Bakarst har eg planta små stemorsblomster i gult og blått.  Vatn er her i alle fall nok av.

1 kommentar:

Besta sa...

Ingen tvil om at vi har hatt lang vinter og sein vår. Men faktisk er dette meir "normalt" enn dei milde, korte vintrane vi har hatt i seinare år. Eg hugsar godt at det før kunne vere problem å finne utsproppa bjørk til 17.mai. I fjor slo vi plenen fleire gonger før den 17.Eg synest vi har hatt ein fin (men kald) vinter i år.Det eg likar mindre er den seine våren.