måndag 5. april 2010

Bok 15: Fuglemannen

Denne boka fekk eg høyre av ein kollega, var noko for meg.  Mamma skaffa meg den frå biblioteket i Ørsta.  Eg har lese Kuren tidlegare, og visste dermed omtrent kva eg gjekk til. Det er mange personar å forhalde seg til, så eg la opp ein strategi, nemleg å sjå namna for meg i skrift, og å lese boka på kort tid.  Dette er nemleg ei bok eg vil tru er i utgangspunktet best å lese i papirutgåve.  Eit par turar rundt Grimstadvatnet har fått fortgang, bokstavleg talt, i lesinga.  Inga lesing for Rotaryråsa dette, ein må ha folk rundt seg.  I alle fall om ein er lettskremt.

Dette er altså første boka i serien.  Politimannen, Jack Caffery, har eit interessant privatliv.  Morda er groteske.  Oppklaringa logisk.  Dette er topp litteratur for dei som liker å lese om seriemord. 

P.s. Det fins ei tredje bok: Ritualer.

1 kommentar:

Besta sa...

Eg har ei plate igjen. Har ikkje fått lese så mykje i samanheng før i dag. Derfor må eg ofte lese om att- krim før helst lesast litt fortare. Skal blogge boka når eg har lese den ut.