onsdag 14. april 2010

Rett reiskap

God reiskap er halve jobben heitest det.  I dag laga Wenche potetmos, eller potetstappe som det heiter her, og la ut om kor lurt det var å bruke ballongvisp. For meg såg det ikkje lurt ut i det heile tatt.   Det såg derimot klønete ut.  Kva reiskapen på bildet heiter, veit eg ikkje, men han vert i alle fall brukt til å lage stappe.  Den nye er til nye panner med teflon/titanbelegg.  Den gamle har ikkje vorte kasta enno.

P.S.
No fann eg ut kva reiskapen heiter på Jernia: Potetmosar.  Då veit vi det. 

2 kommentarer:

Besta sa...

Akkurat som her-ein gammal og ein ny. Eg la også merke til ballongvispen og reagerte på at ho ikkje hadde skikkelig "stappar".
I gamle dagar hadde vi nokre gedigne treklubber til dette bruk, men mi har visst hamna i omnen for lengst. Noko lærte eg i dag også: at ein ikkje skal salte potetene når ein skal lage stappe av dei, då blir stappa seig.

solveig sa...

Det har ho sagt før. Nettopp derfor eg følgjer med, for å få små tips.