Viser innlegg med etiketten kaker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kaker. Vis alle innlegg

torsdag 30. september 2010

Bringebærkake

Inspirert av meg sjølv, gav eg meg i kast med kakebaking i går.  Eg ville prøve oppskrifta på blåbærkake.  Den vi laga på skulekjøkenet vart blå i heile botnen.  Var det på grunn av at vi brukte frosne bær, eller fordi dei hadde fått tine for lenge på kjøkenbenken.  Ting tek tid på skulekjøkenet.

Sjølv bakte eg på vanleg måte, men venta med å hente bringebær frå frysaren heilt til røra var ferdig.  Som de ser vart ikkje kaka mi raud!  Ei venninne kom innom på kaffi.  Då serverte eg kaka med vaniljekrem og krem.

Det vert nok litt kake i dag og, for som kjent likar eg ikkje å bake små kaker, så eg dobla oppskrifta. 

Ein fordel med denne kaka er at ein som regel har ingrediensane i hus.  I enkelte kakebøker er det ein eller annan spesiell ingrediens i alle kakene.  Då står ein fast om ein skulle få lyst til å bake.  Etter ein har handla, er kanskje inspirasjonen vekk.

fredag 24. september 2010

Sjokoladekake med appelsin og valneter

I dag hadde eg nokre tiandeklassingar med meg på kjøkenet.  Dei hadde fåttt velje fritt kva dei ville lage.  Ei av dei hadde funne denne oppskrifta på tine.no.  Eg ser at i ein del moderne oppskrifter er smør erstatta med mager kesam.  Kaka blir då magrare, men med rikeleg sukker, så noko slankekost er det ikkje.
Rund form 24 cm eller lita langpanne.

3 egg

2 dl sukker

1 dl hvetemel siktet
½ ts bakepulver
½ dl kakaopulver
2 ts vaniljesukker
¼ ts salt

3 dl TINE Kesam Mager eller Kesam Naturell
1 appelsin , rive skal av
50 g hakka valneter

Set omnen på 200 grader.

Visp egg og sukker til eggedosis.


Bland sammen dei tørre ingrediensane og vend dei i eggedosisen saman med Kesam, rive appelsinskal og hakka neter. Rør lett til alt er blanda.

Hell røra i en godt smurt form og stek ho ca 30 minutt.

Server kaka kald, gjerne med krem og bær til.
 
Vi piska krem til kaka.  Pyntinga la eg meg ikkje bort i.  Eg synest det var godt påkome å bruke resten av appelsinen og pynte med heile valneter.

laurdag 7. august 2010

Hannes eplekake

I dag fekk eg lyst til å bake ei eplekake.  Eg kjøpte ein pose Granny Smith i går.  No har eg mange oppskrifter på eplekake.  Dette er ei av dei eg kjem attende til.  Den kjem frå ei bok frå Meierienes prøvekjøkken.  Og her er det meieriprodukt som tel: Hugs ekte smør!  Her er oppskrifta slik ho står i boka.  Eg kommenterer under.

Rund form 24 cm.
Botn:
100 g smør
150 g sukker
1 egg
75 g kveitemjøl
100 g sammalen kveite
1/2 ts bakepulver

Fyll:
3 eple
3 dl seterrømme
1 egg
50 g sukker
1 ts vaniljesukker

Rør smør og sukker lyst og luftig og tilsett egget.  Bland mjølet med bakepulver og smuldre alt lett saman.  Trykk deigen ut i ei smurd form.

Skrell epla og del dei i bitar.   Fordel eplebåtane over botnen.  Rør saman resten av ingrediensane til fyllet og hell blandinga over epla.

Steik ved 175 grader i ca. 30 minutt.
Eg liker ikkje å bake små kaker, i tilfelle steiker eg to i slengen.  I dag dobla eg oppskrifta i ei 28 cm form sidan eg ventar mange gjester.  Eg forlenga steiketida til ein time.  Eg kunne nok ha skrudd ned temperaturen mot slutten.  I oppskrifta står det sammalen kveite, grov - eg bruker alltid sammalen kveite fin.  Elles så trykte eg 8 eple ned i forma.  Når det gjeld eplekake gjeld det å ha i rikeleg med eple.  Dei krympar.

Servér eplekaka lunken med mjukpiska krem.

P.S.
Eg har sett på bakeprogramma på NRK.  Der bruker dei mykje tid på å klippe til bakepapir i botnen av springformer.  Kva gjer blogglesarane?  Eg set forma på bakepapiret og klemmer til.  Etterpå riv eg vekk det som er for mykje.

tysdag 8. juni 2010

Den raskaste sjokoladekaka

Dette er Alt Godt si oppskrift.  Eg veit ikkje kor tid den var i Sunnmørsposten første gongen, men den har i alle fall vore ein klassikar her i huset på frøkna sin fødselsdag sidan då.  Det er ingen grunn til å kjøpe pakkar med Brownies når ein kan lage den så enkelt!

Eg ser at eg har dobla den før.  Denne gonge tredobla eg likegodt.  Det er så mange som stikk innom huset på kveldstid no når ungdommane er heime.  Eg tok til å mimre litt om selskapa då ungane var mindre.  Der var alltid ein gjest som kom minst ein halv time for tidleg, og så var der alltid ein eller annan som vart henta tilsvarane seint.  Og så var det desse vennene til søskena som dukka opp slike dagar.  Det vart sjølvsagt noko godt på dei og.

Men tilbake til oppskrifta

Den raskaste sjokoladekaka (langpanne)
6 egg
9 dl sukker
300 g smelta smør (ev flytande bremykt)
1 ms ekte vaniljesukker
4 1/2 dl kveitemjøl
1 3/4 dl kakao

- Rør saman ingrediensane.  Ha røra i ei bakepapirkledd langpanne. Steik ved 175 grader i ca 25 minutt.  Strø over 1 ms melis til pynt.

Ungane elskar denne kaka! Til vaksne kan ein sjølvsagt ha både sjokoladebitar og nøtter i.  Då ville eg også ha servert piska krem og frukt/fruktsalat til.  Jorbær, kiwi, mango ...

laurdag 15. mai 2010

Korpskake

Det er dugnadsdagar for tida.  I dag hadde eg fått eit enkelt oppdrag: Levere ei langpannekake og ei kanne kaffi i kiosken til korpset. Eg høyrer og ser at mange kjøper halvfabrikata for å gjere det enkelt og for å ikkje mislykkast. Rotet vert no det same omtrent.  Oppskrifta nedanfor er enkel, og kaka er populær.  Til barneselskap kan ein pynte den med smågodt.  Sjølv har eg smakt kaka, men den vert for søt for meg.

Kaka er utan egg.


Sjokoladekake m/kefir

(stor langpanne ca 5 l)

11 dl kveitemjøl
5 dl sukker
3 ms kakao
4 ts natron
2 ts kanel
2 ts vaniljesukker

1 l kefir
300 g smelta margarin
1. Set omnen på 200 grader.
2. Ha bakepapir i ei stor langpanne.
3. Smelt margarinen. Avkjøl litt.
4. Bland saman det tørre.
5. Rør inn mjølka. Røra skal bli klumpefri, men ikkje seig.
6. Rør inn margarinen og ha røra i langpanna.
7. Steik kaka i ca 40 minutt på nederste rille.

Glasur:


100 g margarin
2 ms sterk kaffi (Kok kaffi: Ha 2 ts pulverkaffi i ½ dl kokande vatn)

1 ms kakao
1 ts vaniljesukker
250 g melis

1. Smelt margarinen (her kan du ikkje bruke flytande margarin) og ha i kaffi.
2. Sikt i resten av ingrediensane.
3. Ha glasuren på kaka medan ho er lunken.
4. Pynt kaka etter eigen fantasi!

tysdag 11. mai 2010

Coca-Colakake

I dag hadde vi kake til dessert på skulekjøkenet, nærare bestemt Coca-Colakake.  På førehand snakka eg om at colasmaken nok ikkje trenger gjennom smaken av sukker og kakao.  Kva gjer då colaen i kaka?  Saman med surmjølk og natron gir den nok kaka eit ekstra løft.  Lett og luftig vert den .  Dei karane som laga kaka, synest der var alt for mykje sukker i.  Til det er det berre å seie at sjokoladekake er ikkje kvardagskost. Til stor langpanne er det berre å doble denne oppskrifta.

Coca-Colakake
2 1/2 dl cola
1 1/4 dl soyaolje (ev. rapsolje)
125 g margarin
3 ms kakao

5 dl sukker
5 dl kveitemjøl
½ ts salt
2 ts vaniljesukker
2 egg
1 ¼ dl biolamjølk, naturell (ev, cultura)
1 ts natron

2 ms melis


Slik gjer vi:

1. Set omnen på 180 grader og ha bakepapir i ei form på ca 24 x 34 cm, 5 cm djup.

2. Varm opp cola, olje og margarin i ei panne. Lat det koke opp medan du rører heile tida.

3. Bland sukker, mjøl, salt og vaniljesukker i ein stor bolle.

4. Tilset colablandinga litt etter litt og rør godt.

5. Tilset egg, culturamjølk og natron og rør godt.

6. Hell røra i forma og steik kaka midt i omnen i ca 45 minutt.

7. Dryss over litt melis til pynt.

måndag 22. mars 2010

Ambrosiakake

Denne veka har vi påskelunsj på skulekjøkenet.  Vi lagar pai og sufflé som vi serverer brød og salat til.  Desserten er appelsinris og Ambrosiakake.  Denne kaka er svært populær.  Eg har lova å legge oppskrifta ut på skulen si nettside, men kanskje nokre blogglesarar er interesserte i ho?  Vi fann den i si tid i eit vekeblad.



Botn:


125 g smør
2 dl sukker


2 egg

finrive skal av ein appelsin
safta av ein appelsin


3 dl kveitemjøl
1 ts vaniljesukker
1 ts bakepulver

Glasur:
1 dl melis
1 ms appelsinjuice






Slik gjer vi:

1. Set steikeomnen på 175 grader.

2. Smør og strø ei rund kakeform 22-24 cm.

3. Rør smør og sukker kvitt.

4. Rør inn egga - eitt om gongen.

5. Tilset appelsinjuicen.

6. Sikt i dei tørre ingrediensane.

7. Steik kaka i 30-40 minutt.

8. Avkjøl kaka på rist.


9. Glasur: Rør saman melis og appelsinjuice.

Fordel glasuren på kaka.


Bildet er tatt frå: http://www.tine.no/6828.cms
Oppskrifta de finn der er utan appelsinskal - eg anbefaler "mi"!

Viss ein vil lage skuffekake, gongar ein oppskrifta med tre!

laurdag 17. oktober 2009

Smuldrepai med eple II

I dag laga eg dobbel porsjon smuldrepai i den store eldfaste forma. Her skal de få oppskrifta med steg for steg-bilde.
Til smuldredeigen brukte eg:
4 dl kveitemjøl
5 ms sukker
1 dl malne nøtter
150 g smør

Køyr i foodprosessoren til det vert ei grynete masse. Når smøret kjem frå kjøleskåpet, er det kaldt, så eg mol det først, og tok det att etter at eg hadde laga til epla. Då vart det lett ei grynete masse.

I forma:
1 kg eple
1 dl rosiner
1 dl sukker
Smuldre deigen over.
I dag steikte eg paien ved 225 grader i 25 minutt.
Servér med mjukpiska krem med litt ekte vaniljesukker i!
---
Som eg har skrive før, kan ein bruke anna frukt som pærer, fersken, nektarinar og/eller plommer. I staden for nøtter kan ein bruke mandlar eller havregryn. Kva trur de om å bruke demerarasukker over frukta?




søndag 4. oktober 2009

Smuldrepai med eple

Her kjem oppskrifta som er grunnlaget for den eplepaien eg av og til har servert til dessert her. Eg bruker å doble oppskrifta til den store eldfaste forma mi. (Steg for steg oppskrift her)

Smuldredeig:
2 dl kveitemjøl
2-3 ms sukker
1/2 dl malte mandlar/nøtter
75 g smør

500 g eple, i bitar
1/2 dl sukker
(eg bruker litt rosiner i, det syg opp væske frå epla)

1. Bland alt til smuldredeigen i foodprosessoren.
Den skal bli grovknudrete.
Hakk ev. mandlane/nøttene i maskina først.
2. Legg eplebitane og ev. rosinene i forma.
Dryss på sukker og fordel deigen over.
3. Steik ved 225 grader ca. 25 minutt.

Server lunken med mjukpiska krem med litt ekte vaniljesukker i.

Denne smuldrepaien kan du variere med ulike frukttypar, gjerne i blanding, t.d. pærer, nektarinar, fersken og/eller plommer.

Hadde eg berre hatt eple i hus....
Journalisten flyttar til Førde i morgon, og dette er ein av hans favorittar.

p.s.
Ei lita presisering: Her må du spandere meierismør for å få den gode smaken.

søndag 12. april 2009

Dajmiskaker

Når ein først rotar med baking og skitnar ut skåler og vispar, synest eg det er greit å lage to i slengen. I omnen min er det plass til ei 22- cm og ei 24cm-form. I den opprinnelige oppskrifta var det knust dajm. Produsenten har vel fått med seg at mange ønskte ferdig knust dajm, så no får ein kjøpt crisp. Oppskrifta under er slik som mi oppskrift har blitt gjennom åra. Botnen er gonga med 1,5 og fyllet med 2. Eg brukar gjerne nøtter i staden for mandlar, og eg brukar sterk kaffi.
Botn
6 eggekvitar
225 g sukker

225 g malte nøtter (ev. mandlar)

1. Stivpisk eggekvitar og sukker til marengs. Ha nøttene forsiktig i.
2. Fordel nøttemarengsen i former med bakepapir i botnen.
3. Steik ved 180 grader i ca 30 minutt.

Eg brukar å ta av bakepapiret under og vaske "side"formene.
Avkjøl botnane før du lagar is.

Is
2 ts pulverkaffi utrørt i 2 ms kokande vatn

8 eggeplommer
2 dl sukker

6 dl kremfløyte

2 pakkar dajm crisp

1. Kok kaffi. Lat han kjøle seg ned.
2. Pisk eggedosis av eggeplommer og sukker.
3. Pisk kremfløyten til krem, ein pakke om gongen.
4. Bland alt saman forsiktig med slikkepott. Spar litt dajm til toppen.
5. Fordel massen i formene og frys kakene.

laurdag 17. januar 2009

Sviskekake

Mi venninne og kollega K fyller 50 år i dag. Vi turvenninnene skal fram med gåve og kake. K er veldig flink til å bake, men det kan no vere kjekt å få litt hjelp. Denne kaka fann eg oppskrift på i Sunnmørsposten då Heidi hadde fast spalte. Det er ei enkel kake å lage. Den er ikkje akkurat diabetesvennleg.....

Botn

4 dl brunt sukker

4 eggekvitar

Ha sukker og eggekvite i miksaren og pisk til ein tjukk marengsmasse. Smør marengsen utover ei langpanne med bakepapir. Steik botnen på 150 grader i 1 time.

Sviskekrem

1 pakke svisker

ca 2 dl vatn

5-6 dl kremfløyte

Kok sviskekompott av svisker og vatn. Avkjøl kompotten og pisk fløyten. Bland saman med slikkepott. Del marengsbotnen i 2. Ha sviskekrem mellom laga og på toppen. Kaka bør stå i minst 5-6 timar å trekke. Pynt er etter eigen fantasi. Eg brukar dajmcrisp.

Som de ser, er ikkje kaka mi firkanta. Eg brukar saks på marengsbotnen. Det eg klipper vekk, legg eg der det høver.

tysdag 9. desember 2008

Fruktkake

Denne kaka bakte eg to av i fjor. Mamma la den ut på sin blogg i fjor, men det er det kanskje mange som ikkje har fått med seg. Kaka er kjempegod og relativt sunn. Sidan det er same arbeid og rot med store kaker som med små, dobla eg oppskrifta og brukte ei stor form.

Bland saman i ein bolle:
4 dl kveitemjøl
3 dl sukker
2 ts bakepulver
2 ts (ekte!)vaniljesukker

Pisk lett saman 6 store egg og slå over det tørre. Bland saman.
I mamma si oppskrift stod der med slikkepott, eg brukte Kenwooden.

Oppi dette har du 1 l paranøtter og 1 kg tørka dadlar utan stein eller anna tørka frukt.
Du skal ikkje dele opp nøtter og frukt.

Eg brukte:
3 pakkar paranøtter a 200 g (19,90 pr pakke på Spar)
3 pakkar dadlar
2 pakkar aprikosar

Steik 1 time ved 150 grader.

Når kaka er ferdig, bør den pakkast i folie og leggast til modning, står det i oppskrifta. Eg var snar og gøyme kaka i går kveld. I dag tidleg pakka eg den inn og la den i frysaren. Modninga får vi ta att i jula når folk ikkje er så hekne. Klok av skade:2 av vørterbrøda mine forsvann i løpet av kort tid. Men så er det no noko spesielt med "varmt hvetebrød".



tysdag 18. mars 2008

Kake frå kjendisboka.

Kake i 4 lag.
- eggedosis med 2 ms mjøl nederst.
- eit lag med sjokolade blanda med smør, melis og eggeplomme
- 1 pk fløyte piska til krem
- marengs med brunt sukker
- peanøtter og ev. riven sjokolade på toppen (eg sette ei skål med peanøtter ved sidan av)
Min dom: Denne kaka har himmelsk i namnet. Men eg må innrømme at den vart for søt for meg..................

laurdag 12. januar 2008

Den raskaste og enklaste sjokoladekaka

Denne veka har eg vist elevane korleis ein lagar rullekake. Då er det viktig med eggedosis. Seinare skal vi røre smør og sukker for å få luft i marmorkaker.

Når ein ser i utanlandske kokebøker, verkar det som dei berre rører saman ein deig. Dette er ei sånn kake. Ikkje er det bakepulver i ho heller. Eg prøvde kaka ut på nokre elevar i fjor. Det var den beste "brownies" dei hadde smakt. Til Olaug sin geburtsdag laga eg denne i tillegg til ei snopekake. Snopekaka stod att. I dag dobla Håkon oppskrifta til den store forma mi.
Oppskrifta fann eg i Sunnmørsposten.

laurdag 22. desember 2007

Brasiliansk fruktkake

I går stakk eg innom ei venninne. Ho hadde funne oppskrifta til Brasiliansk fruktkake på bloggen til mamma. Genial oppskrift, var hennar kommentar. Ho hadde hatt oppi "det ho hadde" og laga den i avlange former. I dag laga eg kaka med det eg hadde (kjøpt inn), paranøtter, dadlar og aprikosar. Forma mi er ca 5 liter og høver godt til dobbel porsjon. Seinare kan eg dele den opp i så store bitar eg vil.

torsdag 11. oktober 2007

Nøttekake

22 cm

3 egg
1 1/2 dl sukker

1 dl mjølk
1 1/2 dl sammalen kveite, grov
1/2 ts bakepulver
1 dl grovhakka nøtter/mandlar
1/2 plate hakka sjokolade




1. Pisk eggedosis av egg og sukker.
2. Ha i resten av ingrediensane og rør dei forsiktig inn med sleikjepott.

175 grader ca 40 minutt

Kokebok for alle s. 139


Eg synest røra vart litt flytande og vil prøve utan mjølk ein annan gong.

I dag hadde vi besøk av Per Eilert med familie og Helga og Per Arnt.
Per Helge skulle lese til teoriprøva, så gutane vart att i Molde.

laurdag 6. oktober 2007

Kakebaking


I morgon skal ei venninne av meg halde barnedåp for barnebarnet sitt, Gabriel.
Mitt oppdrag var å lage ei kake mest til ungane. Ei tropisk aroma med snop på, brukar å falle i smak.
Det er lite blått snop å få kjøpt, men eg fann nokre flasker.
Sidan det sikkert berre er ein lovleg blåfarge, vart melisen eg farga heilt same fargen.
p.s.
eg hadde plass til ei 22 cm kake til i omnen, så det vert kake til svogeren min på torsdag også.

laurdag 15. september 2007

Smuldrepai med eple

Einar reiste til Trondheim torsdag, så det vart ikkje laga nokon stor eplepai.
Han skal vere der eit par dagar før han reiser til Bodø att.
Men oppskrifta skal de få. Eg får legge til bilde ein annan gong. (Det innlegget finn de her)

Eplepai

2 dl kveitemjøl
2-3 ms sukker
(1/2 dl nøttekjernar)
75 g smør

Fyll:
500 g eple
1/2 dl sukker

1. Set omnen på 225 grader. Smør ei paiform.
2. (Mal nøttene) Bland alle ingrediensane i ein foodprosessor.
Køyr på middels fart til deigen er grovknudrete.
3. Skrell epla og skjer dei i båtar/bitar og legg dei i forma.
Dryss på sukker og fordel deigen over.
4. Steik ca 25 minutt.

Dette er oppskrifta eg tek utgangspunkt i når eg lagar smuldrepai.
Til ei stor lasagneform gongar eg eplefyllet med tre og doblar smuldredeigen.
Eg brukar alltid meierismør - ikkje margarin.
Viss ein har litt rosiner i, svell dei ut med væske frå epla.

Server denne kaka lunken med krem til!

søndag 9. september 2007

Eplekake


I dag har eg laga mat og høyrt "Dyp" av Henning Mankell.

Først laga eg eplekake frå den nye kokeboka for ungdomsskulen, så laga eg omnsteikte grønsaker og steikte nakkekotelettar til. Eg tok beinet av kotelettane og delte dei i to før eg steikte dei. Beina la eg i ein plastpose med eit par teskeier salt, så vert dei suppekraft seinare i veka.

Einar er heime frå Bodø, og han er spesielt glad i eplekake.

Eg brukar å seie det finst tre typar elevar; dei som vil ha eplekake utan eple, dei som likar eplekake og dei som spør om å få krem til........

Oppskrifta var grei, der var nøtter og rosiner i også. Dette er dobbel porsjon.