tysdag 8. juni 2010

Den raskaste sjokoladekaka

Dette er Alt Godt si oppskrift.  Eg veit ikkje kor tid den var i Sunnmørsposten første gongen, men den har i alle fall vore ein klassikar her i huset på frøkna sin fødselsdag sidan då.  Det er ingen grunn til å kjøpe pakkar med Brownies når ein kan lage den så enkelt!

Eg ser at eg har dobla den før.  Denne gonge tredobla eg likegodt.  Det er så mange som stikk innom huset på kveldstid no når ungdommane er heime.  Eg tok til å mimre litt om selskapa då ungane var mindre.  Der var alltid ein gjest som kom minst ein halv time for tidleg, og så var der alltid ein eller annan som vart henta tilsvarane seint.  Og så var det desse vennene til søskena som dukka opp slike dagar.  Det vart sjølvsagt noko godt på dei og.

Men tilbake til oppskrifta

Den raskaste sjokoladekaka (langpanne)
6 egg
9 dl sukker
300 g smelta smør (ev flytande bremykt)
1 ms ekte vaniljesukker
4 1/2 dl kveitemjøl
1 3/4 dl kakao

- Rør saman ingrediensane.  Ha røra i ei bakepapirkledd langpanne. Steik ved 175 grader i ca 25 minutt.  Strø over 1 ms melis til pynt.

Ungane elskar denne kaka! Til vaksne kan ein sjølvsagt ha både sjokoladebitar og nøtter i.  Då ville eg også ha servert piska krem og frukt/fruktsalat til.  Jorbær, kiwi, mango ...

5 kommentarer:

Besta sa...

Det er forerdelig mykje sukker i slike kaker, og dessutan feitt. Derfor bør kaker vere til "fest" og ikkje til kvar helg.

solveig sa...

Her vert det berre til nokre fødselsdagar...

solveig sa...

Synest godt ungdommar kan lage kaker sjølve. Då lærer dei kva som er i.

Anonym sa...

Vi er tre kjekke jenter som er svært glade i brownies, og denne oppskrifta var perfekt for oss! Har brukt den så lenge vi kan hugse, og har ALLTID fått gode tilbakemeldingar. Ikkje slett bloggen, lat han stå slik han er - slik at vi kan nyte mange herlige godsaker!

solveig sa...

Eg merkar på elevane mine at denne kakeoppskrifta har breidd seg!