I dag er det avslutning på ballettskulen. Frøkna avsluttar dermed ballettkarriera si. Neste år skal ho konsentrere seg om fotball og skulekorps. Det er nok like greitt, for i vår har det vore ganske mange kollisjonar mellom fotballkampar og ballettøvingar.
Besteforeldra stiller som publikum saman med meg. Faren er vekkreist, og dei andre mannfolka i huset ser sjølvsagt fotball. Dei har fått ein enkel jobb, nemleg å sette på potetene. Vi skal ha lammegryte, og eg ser ikkje vekk ifrå at oppskrifta kjem på bloggen seinare i dag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar