søndag 20. juni 2010

På'an igjen ...

Lucy har visst ein lei vane.  Når det vert kveld, begynner ho å klatre, og så sit ho der i to meters høgd og kjem seg ikkje ned.  I går kveld plukka eg ho ned fem gongar.  Siste gongen gav eg ho ein bamse og sløkte lyset.  I dag tidleg låg ho og sov saman med bamsen.  Kvar ho har vore i natt, veit vi ikkje.

I kveld er det same leksa.  No har frøkna lagt seg, og eg skal følgje same prosedyre.  Men det vert berre med den eine nedplukkinga.

1 kommentar:

Besta sa...

Du skulle hatt ein smokk også!
Ho får no berre klatre til ho finn ut av det.