søndag 6. juni 2010

Grunnlovsdessert

"Du må lage grunnlovsdessert!" sa ei venninne av meg då ho høyrde at eg hadde rabarbra i hagen.  Eg måtte innrømme at eg knapt visste kva det var.  På tine.no fann eg ei oppskrift som eg brukte som utgangspunkt.  Eg kokte kompott heilt etter oppskrifta.  Men eg tok berre ein pakke Piano vaniljekrem og klipte eit hjørne av slik at det vart lett å fordele den opp kompotten.  Til slutt hadde eg vanleg krem med litt ekte vaniljesukker i.  Mandelflak og svisker til pynt.

Eg synest denne desserten er nydeleg, men eg er klar over at det finst folk som ikkje er så glad i svisker.  Då kan ein sjølvsagt lage sin eigen variant med berre rabarbara i kompotten.  Her er det berre å bruke fantasien!

P.S
Prøv med litt mindre sukker enn i oppskrifta.

Ingen kommentarer: