I går stod eg der med eit par kjøtdeigpakkar og lurte på kva eg skulle lage. Det var frøkna som ønska seg Bartolomeogryte. Sidan eg både hadde osterestar og x antal flasker ketsjup i kjøleskåpet, slo eg til. Gryteretten vert best med tomatpuré, så eg hadde i litt av kvart. Bildet er tatt før eg hadde i osten.
Gryterett
1 ms olje1 løk, finhakka
200 g kjøtdeig
1 ms kveitemjøl
1 ½ dl mjølk
2 ms tomatpuré/ ½ dl ketsjup
1 krm karri
1 krm pepar
1 krm salt
½ dl riven ost
Ris
3 ½ dl vatn
1 krm salt
1 ½ dl ris
Slik gjer vi:
1. Steik løk og kjøtdeig i jerngryta.
2. Rør inn mjølet og ha i mjølk, ketsjup/tomatpuré og krydder. Lat dette koke i minst 5 minutt.
3. Strø over riven ost rett før servering.
Ris
Kok opp vatnet til risen i ei titanpanne med glaslok. Ha i ris og slå plata ned på 1.
Lat loket vere på slik at vatnet ikkje fordampar.
Når risen har kokt i 15 minutt, kan du slå av plata og la risen stå i 5 minutt til og trekke på ettervarmen.
Eg prøvde riskrydderet mitt i går, og hadde i nokre frosne erter mot slutten av koketida. Det var populært her i huset. Krydderet var temmeleg smaklaust, så om ein vil, kan ein ha i pepar og salt i tillegg.
1 kommentar:
Det einaste som var litt originalt med denne gryteretten var vel osten, elles høyrest det ikkje særlig spennande ut. I dag prøver eg ut eit "nytt" Toro-produkt og lagar gratinert kylling i omnen.Kyllingfiletane skulle leggast rå i forma, men eg steikte dei eit øyeblikk på panna så dei skulle fastne litt. Som regel likar eg best mine heimelaga oppskrifter-den "man tager hva man haver", det blir alltid godt.
Legg inn en kommentar