Viser innlegg med etiketten norsk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten norsk. Vis alle innlegg

søndag 17. oktober 2010

tysdag 4. mai 2010

Hææærleg i bya for tida

Sist eg hadde eit rettskrivingsinnlegg, gjorde ein blogglesar meg merksam på hææærlegkampanjen.
No har dei gjort det igjen.  Dei spelar vel på "byadialekta".  Alt er herleg med æ i overskriftene.  Men i sjølve tekstane skriv dei herleg.  Så då skulle vel alt vere greitt?
Ikkje for ein norsklærar, nei.  På lærarskulen lærte vi at ein skulle aldri skrive feil på tavla, eller i alle fall aldri la dei stå der.  Då festar orda seg til hjernen vår som feil ordbilde.  (Når eg skriv det med tre æ-ar, reknar eg med at ingen blogglesarar tek skade.)
Men så var det den stakkars butikken med namnet som gjer at han ikkje får vere med i det gode selskap.

P.s.
For dei som vil sjekke herlig i ordlista.

søndag 25. april 2010

Kva gjer jobben med deg?

No har eg retta ferdig to tentamensbunkar, ein i hovedmål og ein i sidemål.  For å slappe litt av tek eg meg av og til ei butikkrunde i næraste by.  Eg veit ikkje korleis andre har det, men i ein slik retteperiode er det spesielt plagsamt for meg med plakatar fulle av skrivefeil.  Desse som eg har funne på facebook-sida pult ost og lamme lår, er berre (ufrivilleg) morosame!  Og slike handskrivne plakatar er vel berre framme ein kort periode. Men så kjem eg nær ein ny butikk i Ulsteivik som har fått laga ein dyr plakat: Noke for einkvar. 

måndag 15. mars 2010

Frå skammekroken

Fleire finn du på denne sida.

fredag 12. mars 2010

Deilig dag?

I dag har elevane i 9. fri på dagtid.  Skulen er med i  Sterk og Klar-prosjektet, og i dag er skuledagen flytta til ettermiddag/kveld.  Alle stiller med ein vaksen saman med seg til ulike kurs.  Eg skal ha gruppa "lage formkake".  Eg har planen klar, men det spørs om eg ikkje tek meg ein tur bort på dagtid og får unna ein del praktisk arbeid.  Kvar eg rettar dei 50 "stilane" er mindre viktig.  Her er rolegare heime.  Helgavasken har eg gjort meg ferdig med.  Eg begynte rett etter at ungane for ut døra i åttetida.

Det nærmar seg eksamen i 10.ande.  Tentamen er rett rundt hjørnet.  Vi øver oss i tekstskriving på data.  I går stod det nynorsk novelle på planen.  Læraren lærer så lenge ho har elevar. "Solveig!"  "Korleis skrive en deilig?" "Rett fram," svarar eg.  "Nei!" Det kjem raude strekar under deilige.  "Der skal ikkje vere e," påpeikar eg.  Men ordlista på datamaskina tillet ikkje deilig heller.  Så må eg fram med papirutgåva.  Eg går rett inn i frå Bokmål- til Nynorsk-delen, og der står det deilig vedunderleg, herleg fin.

No har eg altså eit nytt ord på lista over ord eg vil ha inn i nynork: deilig. Frå før står der forrige og kun, gode danske ord kanskje. 

Til eg får igjennom ordønska mine får de ha ein fin, herleg eller vedunderleg dag!

torsdag 25. februar 2010

Rettskrivings kurs



No er det lenge sidan eg har lagt ut orddelingsfeil. Den i overskrifta er min favoritt i dag. Sjå og lær!

torsdag 28. januar 2010

Nyttig nettside




Vi har kome til Ibsen og Et dukkehjem i pensum i norsk på 10.  Eg visste ikkje om denne sida. Der skal vere samla alt som er verd å vite om Ibsen?

Vi får koste på oss eit lite sitat:
Det, som du er, vær fuldt og helt,

og ikke stykkevis og delt.
- Brand (1. akt)

onsdag 11. november 2009

Å rette baker for smed


I morgon skal vi lese diktet bak "å rette baker for smed" i 10.-klasse.  Dei som vil mimre litt frå ungdomsskulen, finn diktet her.

laurdag 7. november 2009

Fag utan fasit?

Vi har begynt med diktanalyse i 10-klasse.  Det er ikkje alle, verken vaksne eller ungdommar, som er så begeistra for dette.  Og det veit vi norsklærarar! Men vi har tru på at auka kunnskap gjev auka interesse.

Kan ein finne gode døme på samanlikningar, metaforar, symbol, besjeling og personifisering?  Märtha du er som en lysfontene, slår an. I læreboka vår er det dessutan spørsmål om kva ein påfugl kan vere symbol for. 

No prøver eg å opparbeide eit lite lager på språklege artigheiter av ulike slag.  Denne og/å setninga fann eg i "Saksa" i Sunnmørsposten i dag: Dronning Sonja, som er kjend for å elske og gå i fjellet.

laurdag 31. oktober 2009

Laurdagsdikt

Diktet er tatt frå same diktsamlinga som under.  Eg har funne det i eit sidemålskurs for ungdomsskulen. Men det kan hende at vi vaksne som har vakse opp i monopoltida,  har betre bakgrunn for å forstå det.

Kjensler for hest
Eg likar ikkje hestar,
eg hatar gamle gampen
som luntar rundt på travbanen
midt i tippekampen.

Eg kjem til å hata hestar
til dagen eg ligg død,
eg står fast på min parole,
hest er best på brød.

fredag 30. oktober 2009

Dagens dikt

Heiter hylla di Ivar?
Eg har ei hylle som heiter Ivar.
Eg har eit bord som heiter Kjell,
mens sofaen eg ligg i,
den heiter Isabell.

Eg har ei lampe som heiter Tommy,
og nattbordet Jonatann,
senga eg søv søtt i,
den heiter Mimiann.

Eg ynkar, stønnar og ber meg,
eg er ein einsleg og vilter ramn
som hoppar til sengs med ei seng,
ei seng som har damenamn.

Eg rullar meg rundt i dynene
på Mimianns mjuke laken
gnir meg inntil ho,
men berre eg er naken.

Men så får eg ein kniv i ryggen,
så drepande og kvass,
for eg gløymde at det eg ligg på,
er Frode overmadrass.

Frå Jon Hjørnevik: I ein sofa frå Korea - dikt i utsal,
Det norske Samlaget 2001

tysdag 27. oktober 2009

Orddeling


denne sida finn de tips som kan gjere det meir morosamt, og kanskje lettare, å lære om orddeling.


torsdag 3. september 2009

Finn fem feil

..... eller kanskje berre tre.
Det er ei ærleg sak å ikkje kunne rettskriving. Eg er ikkje ute etter å henge ut folk. Men ein skulle tru at eit skilt gjekk gjennom så mange ledd at det skjedde ei eller anna kvalitetssikring.

Fasit:
1. Her manglar bindestrek.
2. Garasje er hannkjønnsord.
3. Det skal vere liten bokstav i garasje.

Strengt tatt kan ein vel kalle garasjen sin det ein vil?

fredag 19. juni 2009

Meir om språk

Eg tente eg skulle finne alle orda som vart fornorska saman med sørvis og skvåsj. Det treng eg meir tid på. Men eg kom frampå eit ord som eg har vore usikker på korleis ein skal uttale. Moteekspertar på TV brukar ulike uttaler. I rettskrivingsendringane for 2005 finn eg:

b) Vedtak om ord med cc med ks-uttale

accessoirer/accessoirar el. aksessoarer/aksessoarar (før: accessoirer/accessoirar)

Dette meiner eg er eit godt døme på at fornorsking gjer det lettare å vite korleis ein skal uttale eit ord.

pøbb?

Skal dei ha pøbb i Volda? Kan ein det? Her måtte læraren til å undersøke; er det noko eg ikkje veit? Ordlista tillet ikkje skrivemåten pøbb for pub. Men dei står sjølvsagt heilt fritt til å kalle puben sin Festspelpøbb!

p.s.
Eg skal skrive pøbb når det vert lov!

måndag 8. juni 2009

Munnleg eksamen



Ser de kva dette er? (Sidan eg er lærar stiller eg spørsmål og svarar sjølv.)Dette er ei blikk Jakobs stige for dei som driv med lappeteknikk. Eg skal studere bibelsoge etter munnleg eksamen. No studerer eg norsk.

Eg har hatt ei kjensle av at eg ville få få opp eit parti i norsk. I dag fekk elevane meldinga. Reaksjonane var alt frå store klemmar til djupe sukk. Etter kvart såg dei fleste lyst på det.

måndag 27. april 2009

Og kor du bryggjar og kor du bakar


ETTERSTEV


Til Lags aat alle kann ingen gjera;

det er no gamalt og vil so vera.

Eg tykkjer stødt, at det høver best

aa hjelpa den, som det trenger mest.


Og kor du bryggjar og kor du bakar,

d'er alltid ein, som det ikkje smakar;

og naar den eine daa gjerer Rop,

so ropar sidan den heile Hop.


D'er mange nog, som vil Domar vera

og læ aat alt, som dei andre gjera.

Og Lyte finna dei rundt i Kring,

og sjølve gjera dei ingen Ting.
---
Ivar Aasen Heile diktet finn du her.
---
Eg kjem ofte på dette diktet når eg driv og lagar mat. Eg har ofte hengt det opp på ei oppslagstavle på skulekjøkenet også. Det er skrive for 150 år sidan, men gjeld den dag i dag!
---
I dag har eg baka botn til Lady Golden Glow. Første gongen eg smakte det, var i ein av konfirmasjonane på 70-talet. Naboen over vegen kom med den fantastiske kaka. Det som er kjekt med sunnmørske kaketradisjonar, er at det kjem framande kaker i hus til store festar.
---
No har det blitt ein tradisjon at eg bakar denne kaka til konfirmasjonar her i huset. Det er ei kake som konfirmantane brukar å like godt. Men eg må innrømme at no kan den bli i overkant søt til meg.

søndag 26. april 2009

Dagens dikt - lese til konfirmantane på festen

Om pengar
For pengar kan ein få alt, heiter det.
– Nei, ein kan ikkje det.
Ein kan kjøpa seg mat, men ikkje mathug,
dropar, men ikkje helse,
mjuke senger, men ikkje svevn,
lærdom, men ikkje vit,
stas, men ikkje venleik,
glans, men ikkje hygge,
moro, men ikkje glede,
kameratar, men ikkje venskap,
tenarar, men ikkje truskap,
gråe hår, men ikkje ære,
rolege dagar, men ikkje fred.
Skalet av alle ting kan ein få for pengar.
Men ikkje kjernen;
den er ikkje for pengar fal.

Arne Garborg

torsdag 23. april 2009

Dagens dikt

FLERE SPØRSMÅL?
kan to mennesker
eie hverandre
nei

kan to mennesker
ete hverandre
ja

Jan Erik Vold

tysdag 14. april 2009

Frå late dagar til travle tider


Det er merkeleg kor ein kan fylle fridagar med litt husarbeid, litt hagestell, litt baking og litt turgåing. Når ein startar på jobb må dette arbeidet gjerast på ei kort ettermiddagsykt.
---
Som lærar kan ein velje om ein vil lette litt kvardagane på fridagane. Ein kan legge att prøver og stilbunkar på pulten eller putte dei i sekken. Sjølv arbeider eg etter prinsippet om at stress det er alt ein ikkje har gjort. I Mat og helse må ein ha alt praktisk på plass. Sjølv om ein brukar tid på det, er det veldig greitt arbeid. I norsk rettar eg unna ein del, men sparer litt til såkalla fritimar.
---
Med våren kjem også alle fritidsaktivitetane. Øystein har ca tre økter med guttefotball i veka. Eg likar å sjå ungane spele, men innser at eg ikkje greier å få med alle kampar. I tillegg dukkar det opp vaskedugnader, tidtakingsjobbar m.m. Då eg starta bloggen, var det med tanke på å dokumentere aktivitetsnivået i familien. For all del, alt er kjekt, men det kan bli mykje innimellom.
---
p.s
I dagens Jernia-katalog kom eg over eit ord eg måtte lese to gongar.