måndag 8. juni 2009

Munnleg eksamen



Ser de kva dette er? (Sidan eg er lærar stiller eg spørsmål og svarar sjølv.)Dette er ei blikk Jakobs stige for dei som driv med lappeteknikk. Eg skal studere bibelsoge etter munnleg eksamen. No studerer eg norsk.

Eg har hatt ei kjensle av at eg ville få få opp eit parti i norsk. I dag fekk elevane meldinga. Reaksjonane var alt frå store klemmar til djupe sukk. Etter kvart såg dei fleste lyst på det.

3 kommentarer:

Elin sa...

Morosamt med stigen. Lukke til med eksamen!

Besta sa...

Viss de leitar opp salmen Nærmere deg min Gud, vil de finne Jacob´s ladder der også. Alt heng saman, som han sa ein eller annan gammal filosof. Neste oppgåve blir å finne ut kven DET var.

Elin sa...

Ja, det var vel gamle Hegel, det...http://nn.wikipedia.org/wiki/Georg_Wilhelm_Friedrich_Hegel