onsdag 17. juni 2009

Sommarkonsert

I dag hadde musikkskulen konsert som avslutning på skuleåret. Dei viste eit variert program. Der var både grupper og solistar, nybyrjarar og vidarekomne. Det er kjekt for alle å sjå kor flinke dei eldste har vorte etter fleire år i musikkskulen. Desse gitarkameratane spelte rock til song frå læraren.
Olaug spelte saman med ein eldre kar og læraren. Konserten var akkurat passe lang; vel ein time.
Skvåsjen har ikkje vakse mykje sidan i går. Men i dag har det vore ein heil annan temperatur enn i går med sine 7 grader då eg gjekk kveldstur.

2 kommentarer:

Besta sa...

Ja, eg seier det igjen:Barn og unge er heldige som har kulturskuletilbod, slik at dei får sjanse til å lære å spele t.d..Eit tilbod som ikkje var då eg vaks opp.
Temperaturen var + 4grader då eg la meg i går kveld/natt. I dag har det vore oppe i 22 grader på dagtid. Det er ein fin temperatur!

solveig sa...

Vi får sjå på skvåsjen i morgon! Eg hadde gledd meg til å vise kor fort det kan gå!