måndag 8. juni 2009

Jakobs-draumen 1. Mosebok kapittel 28

Jakobs-draumen 10 Jakob tok ut frå Be’er-Sjeba og gav seg på vegen til Karan. 11 Då sola var gladd, kom han til ein stad der han slo seg til for natta. Han tok ein av steinane der på staden, la han attom hovudet og la seg til å sova. 12 Då hadde Jakob ein draum. Han såg ein stige som stod på jorda og nådde opp til himmelen. Og sjå, Guds englar steig opp og ned i stigen. 13 Brått stod Herren framfor han og sa: «Eg er Herren, Gud åt Abraham, far din, og Gud åt Isak. Det landet du ligg i, vil eg gje deg og ætta di. 14 Ætta di skal verta som støvet på jorda. Du skal breia deg ut mot vest og aust, mot nord og sør, og i deg og di ætt skal alle ætter på jorda velsignast. 15 Sjå, eg vil vera med deg og verna deg kvar du fer, og føra deg attende til dette landet. For eg skal ikkje gå frå deg, men gjera det eg har lova deg.» 16 Då Jakob vakna or svevnen, sa han: «Sanneleg, Herren er på denne staden, og eg visste det ikkje!» 17 Og han vart forfærd og sa: «Kor ageleg han er, denne staden! Her er Guds hus, her er porten til himmelen.» 18 Morgonen etter stod Jakob tidleg opp. Han tok den steinen han hadde hatt attom hovudet, reiste han til ein minnestein og slo olje på han. 19 Han kalla staden Betel. Før heitte byen Lus. 20 Så gav Jakob denne lovnaden: «Vil Gud vera med meg og verna meg på denne ferda, vil han gje meg brød å eta og klede til å ha på meg, 21 og la meg koma vel heim att til farshuset mitt, så skal Herren vera min Gud. 22 Denne steinen som eg har reist til ein minnestein, skal vera eit Guds hus; og av alt du gjev meg, skal eg svara deg tiend.» Kjelde

1 kommentar:

Elin sa...

Takk for det! Den gamle nynorske utgåva er berre til å gje seg ende over av...vakkert!