tysdag 30. juni 2009

Hagebesøk

I dag har eg vore på hyggeleg besøk hos M. Mange "avleggarar" i hagen min kjem derifrå. Hagen hennar er heilt forskjellig frå den eg var og såg i Ørsta. M har ei lita tomt som ho har utnytta maksimalt. Akkurat som meg likar ho å settesaman fargar som ein i utgangspunktet ikkje skulle tru pappar i lag.
Denne Aloharosa har mange "born". No har ho klipt den kraftig ned. Til barnedåpen til Olaug for snart 12 år sidan fekk eg nybakt fletteloff og ein bukett Aloharoser. Dei luktar fantastisk. I dag fekk eg med meg ei enkel rose. Den kjem eg til å klippe hovudet av og sette i jorda før eg reiser på ferie. Så får vi sjå!

2 kommentarer:

Milena sa...

Kjekt med hagebesøk og ein kopp kaffi under kirsebærtre.
:-)
God sommar!

Besta sa...

Aloharosa mi lever, men den han ikkje vakse så mykje- enno.Takk til M.