søndag 21. juni 2009

I morgon......

..... har Øystein fødselsdag

Sidan vi har lagt ut mimrebilde av andre som fyller år, har eg tatt meg den friheita å rote litt i albuma hans. Alle bilda er frå før eg vart kjend med han.



Ein glad gutt!

Eg synest å kjenne att shortsen her. Hadde ikkje bror min og eg sameleis?
Her er det nok eldstebroren som har tatt bilde. Kanskje nokon har fødselsdag sidan det er brus på bordet! Alle ungdommar; legg merke til brusflaskene! Dette er store flasker med 33 cl brus. I selskap kunne ein og risikere å få små brus. Dei meiner eg var 25 cl.
Det var freistande å ta med eit bilde av far til Øystein. Han utdanna seg til politi, men hadde ein draum om å kunne bli jurist. Audun er fødd på hans 75-årsdag og har same draumen. Økonomien stoppa draumen til bestefaren. No har alle ungdommar mulegheiter til å ta opp studielån og ta den utdanninga dei ønskjer.
Farfar som vi kallar han her i huset, hadde to storebrør, Kristoffer til venstre og Charles i midten. I tillegg hadde han tre systre. Eg har berre møtt den yngste, tante Emma.

4 kommentarer:

arieldog sa...

Koseleg innlegg! Og ein ser slektskapen mellom både den eine og den andre her!

Besta sa...

Ja, likskapane er lette å få auge på. Shortsen er av samme parti som din og Rasmus sin, ja. Eg hugsar det når eg ser bildet.Som alltid er det både kjekt og vemodig å sjå gamle bilde.Både personar, klede, interiør og til og med brusflasker, får ein til å minnast....

solveig sa...

Artig med gummiplanten også. Kven hadde ikkje det? Til og med plantar er ei motesak.

Elin sa...

Gratulerer med dagen til Øystein. Trudde først det var ein av sønene. Likskapen går visst i mange generasjonar der i garden. No er det like før eit minibloggetreff på Hareid...