søndag 21. juni 2009

Sommarar i Sogn

Feriane i min oppvekst gjekk gjerne til Sogn. Vi brukte å bu vel ei veke hos farmor.
Her er det krabbefest i siloen.
Her er vi på besøk hos familien til broren til pappa.
Her trur eg vi må vere på veg til å besøke systra til pappa. Ho sit og snakkar med bror min og meg ser det ut til. Eg veit at søskenbarnet mitt til venstre er innom bloggen av og til.

8 kommentarer:

Besta sa...

Eg kjenner att bilda og situasjonane. Bildet på båten viser heimturen frå tanta.Både ho og Tone var med tilbake til farmor.Dei to store gutane stod nok i styrehuset.Kjende ikkje att alle på badebildet,men har peiling på dei fleste.
Veldig kjekt å sjå att.

solveig sa...

Sei meg, gjekk eg stort sett rundt i bukseselar og "høyvannsbukser"?

Anlen sa...

Eg må le når eg ser på bileta igjen, etter kommentaren om bukseselane og buksene:) Herlige bilete! Eg trur eg som oftast gjekk i skjørt og kjolar, i alle fall på veldig mange sommarbilete!

solveig sa...

Bror min og eg hadde ofte litt like kle. Han er eitt år yngre, og på denne tida var det vanleg å arve kle, så moten var unisex.
No ser ein ofte at til og med ski finst i rosa og blått. Til meir får dei nok selje.
Framleis prøver eg å lure meg til å gå i fine bukser i staden for skjørt.

arieldog sa...

Det krabbebiletet i siloen er min favoritt. Smaken av små krabbeklør knust på svaberget er min favoritt...

Besta sa...

Ja, Solveig, du gjekk ikkje ofte i kjole eller skjørt. Du kledde faktisk bukser betre. Og den tida var det politisk korrekt å ikkje gjere skilnad på jenter og gutar i klesvegen. Du hadde til og med lyseblå babyklede, for eg kunne ikkje fordra rosa, ikkje kledde du det så godt heller.Den første utejakka di og dei første skorne var lyseblå. Så eg har kanskje tilført deg ein skade for livet?

Besta sa...

Meir om klede. Barneklede, ja klede til vaksne også, var relativt mykje dyrare då de var små,og de hadde ikkje dei mengdene som ungar har no for tida. Bukser sydde eg ofte av stoffrestar frå Staurset, eller av crimplene frå Ørsta Tricotage-fabrikk.
Når vi var i Solund, måtte de alltid gå med "stygge" klede, fordi de alltid for i fjæra og grisa dykk til med tjøre. Fine strikkaklede hadde de alltid.Sjekk bilda.

solveig sa...

Vi skal ikkje så mange generasjonar bak for å finne damer som aldri brukte bukser. Så det vart vel sett på som eit framskritt for jenter å få lov gå i bukser.
p.s.
Det vart bestebukse (capri) på meg på avslutningsfesten.