fredag 26. juni 2009

Bok 36: Dokumentar


Vi hugsar TV-bilda av forfattaren av denne boka då ho rapporterte frå krigen i Irak. Eg hugsar at eg tenkte:"Kva gjer du der? At du torer!"
---
Boka gjev mange svar. Eg synest det er interessant å følgje forfattaren i tida før, under og etter krigen. Vi får vite korleis ho arbeider som journalist. Utfordringane står i kø. Ho er flink til å skildre skifta i stemninga i Bagdad.
---
Her er sjølvsagt mykje som er grusomt. Men dette er ei bok "alle" bør lese! Boka er kanskje best som lydbok. Det er ikkje problem å følgje handlinga. At forfattaren les sjølv, gjer boka meir autentisk. Les gjerne meir her.

3 kommentarer:

Besta sa...

Eg har lese "Bokhandleren i Bagdad" av samme forfattar. Det var ei interessant og lærerik bok.Har også lese fleire romanar frå dette landet, der folk har opplevd så mykje vondt og vanskelig. Alle desse bøkene har gitt meg litt meir forståing av det som går føre seg i landet.

solveig sa...

Eg har også lese Bokhandleren i Kabul. Eg las også ei frå Bosnia av same forfattar. Eg reknar med at du har lyst å lese denne!

Besta sa...

Det var det eg skulle skrive-eigentleg! Du får rippe den!!!