fredag 12. juni 2009

Australsk dag


Tiandeklassingane er ferdige med munnleg eksamen - og føler seg fint ferdige. Kunsten no er å finne på noko meiningsfylt å gjere. Vi brukar argument som "at no kan vi gjere alt kjekt de har hatt lyst til før i år". Eg har lova dei utetimar, men det er lite freistande i dette veret. På spørsmålet "Kva skal vi gjere etter eksamen" har eg svara "lære for livet".
---
Ein australsk utvekslingsstudent ville gjerne kome og snakke om Australia. Han fekk ein time i kvar klasse på slutten av dagen. Vi starta dagen med å sjå denne filmen.
---
Eg trur både lærarar og elevar likte filmen svært godt. I tillegg til at det var ei spennande historie, var filmen også lærerik. Vi fekk lære om aborginarane. Sidan filmen var lagt til 1939 og utover, fekk vi med oss det japanske åtaket på Australia. "Vi visste ikkje at det var krig i Australia også". Då vart spørsmålet "Kvifor heiter det "verdskrig", og har vi eigentleg berre hatt ein verdskrig?
---
Denne filmen trur eg alle vil like!

3 kommentarer:

Besta sa...

Eg har litt dilla på Australia og skulle gjerne ha vore der ein tur. Har lese boka En by som Alice både på papir og CD.Denne filmen har eg ikkje sett, men eg har høyrt om den. Vil gjerne sjå den ved høve.Er det du som eig den?

Besta sa...

No kom eg på filmen Den siste bredd.Den har eg sikkert sett fleire gonger.Det var etter ein atomkrig og alle menneske på jorda var borte, berre i Australia var der nokre få menneske att.Det høyrest litt eventyrlig ut no, men filmen var god. Den var laga i ei tid då det var viktig å få folk til å forstå kor farlige atombombene var.

Hildegard sa...

Besten fekk dvden til bursdagen. Dette er ein av dei beste filmane eg har sett - utan tvil. Du har noko å glede deg til Besta.