fredag 19. juni 2009

Meir om språk

Eg tente eg skulle finne alle orda som vart fornorska saman med sørvis og skvåsj. Det treng eg meir tid på. Men eg kom frampå eit ord som eg har vore usikker på korleis ein skal uttale. Moteekspertar på TV brukar ulike uttaler. I rettskrivingsendringane for 2005 finn eg:

b) Vedtak om ord med cc med ks-uttale

accessoirer/accessoirar el. aksessoarer/aksessoarar (før: accessoirer/accessoirar)

Dette meiner eg er eit godt døme på at fornorsking gjer det lettare å vite korleis ein skal uttale eit ord.

5 kommentarer:

Besta sa...

Dette var lærerikt for meg.Eg har alltid uttalt dei to c-ane som ss.

solveig sa...

På engelsk uttalest det æks..., så eg har trudd at moteekspertane hadde ein fransk vri!
Elles ser ein mange merkelege stavemåtar på det same ordet.

Elin sa...

Beklager, men eg orkar ikkje desse fornorska orda med ø og å. Dei ser heilt forferdelege ut. Men det er vel eg som er konservativ...

Besta sa...

Til Lappetausa:Der er eg heilt samd med deg! Det ser heilt kaudervelsk ut, og er med på å forvanske språket vårt for utlendingar og datamaskinar. Likevel må eg seie at eg stussar litt når eg ser folk skrive genre-når ordet har vore skrive sjanger dei siste 20-30 åra. Og det ordet har verken æ, ø eller å.
Ein annan ting er at i staden for å bruke vanskelige framandord, kan bruke vanlege norske ord som alle forstår og kan uttale rett.

solveig sa...

Og eg held på mitt!