tysdag 23. juni 2009

(Manglande) jonsokfeiring

Det er 22 år sidan sist eg melde meg ut på jonsokfeiringa. Då låg eg på sjukehus. Einar vart fødd ein time inn i jonsokdag.
Då vi budde på Holstad, feira vi gjerne dagen hans ute saman med naboar og venner.
Etterpå er det slektsbesøk.
I same album kom eg over nokre bilde frå Eid. Her hadde mormor fått seks oldebarn, alle gutar.
.... og når du får på deg cowboyhatt, blir hele hjertet mitt betatt.
Einar hadde det heilt klart for seg kven han skulle gifte seg med og kvar han skulle bu. No er det mange år sidan vi har sett Martine.
No er Olaug på jonsokfeiring saman med ei venninne. Gutane er på fotballtrening og fotballkamp. Eg ladar opp til i morgon. Vi skal på overnatting til torsdag. Det kjem det sikkert eit nytt innlegg om.




2 kommentarer:

Besta sa...

Det bildet av mamma og alle gutane trur eg ikkje eg har sett før.Ho spøkte med at ho kunne bli oldemor til eit heilt fotballag, og i dei dagar var det ikkje så vanleg at jentene dyrka denne sporten.Det blei i alt 21 oldebarn; seks av dei er jenter, og nokre av dei spelar også fotball!!!Så det vart både lag og innbytterar. Dessverre fekk ho ikkje sjølv oppleve fleire enn dei som er på dette bildet.

EOT sa...

Sjeldan eg er innom denne bloggen, men artig bildserie. eot.