fredag 19. juni 2009

Bibliotek og apotek

I dag tok eg meg ein tur på biblioteket etter skuleslutt (for meg). Lydboka som eg begynte på i går, mangla ein CD. Eg sa at dei skulle ikkje stresse med å skaffe meg ei ny, for mor mi har lånt den same i Ørsta. Dei som følgjer begge bloggane, ser at vi tilrår bøker begge to.

No når det nærmar det seg tider då ein kan sette seg ned å lese ei bok, gjerne på altanen i solskin! Eg fann desse to blant "anbefalte bøker" på biblioteket. Den første har eg nettopp lese om i eit bokmagasin i ei avis, eg trur det må ha vore i Klassekampen. Den andre har eg lese om både i Besta og Ariel sin blogg.
I går var eg innom apoteket for å kjøpe reisesjuketablettar. Då kom eg over denne såpa til halv pris. Den lukta mykje mindre enn såpa eg kjøpte i vår, men den virkar "skånsom mot hendene" som det heiter i reklamen.

4 kommentarer:

Besta sa...

Eg var innom biblioteket her i dag, for å levere tilbake to bøker.Og kva ser eg? Opp til fleire flunkande nye lydbøker! Og eg hadde ikkje lånekortet med meg eingong! Dessutan har eg litt att heime.Har brent plate nummer tre av Pinnsvinets... til deg. No skal eg berre sjekke om den er i orden.

solveig sa...

Flott. Eg har lese dei to første. Her var lite nytt i lydbøker i dag.

Besta sa...

Du får ta deg ein tur inn og rippe!!Vi kan gå på biblio først. Opningstidene finn du på nettet.

solveig sa...

Ja, det får eg gjere når eg får ferie. Øystein snakkar om ein tur innover med bilen. Vi får ta tu fluger i ein smekk. Utvalet verkar mykje betre der inne.