fredag 26. juni 2009

Kan ein få det bedre?

I dag må vel vere den beste dagen i heile året. Vi ser fram i ein lang sommarferie. Sola skin og temperaturen ligg kring 30 grader.
Sist Øystein var på "Opel", fekk han beskjed om at han burde skifte to av sommardekka før langtur. Det var ærendet vårt til Ørsta i dag. I tillegg vart det tur i kjøpesenter og besøk i Starevegen. Ein av naboane der har ein fantastisk hage. Eg fekk kome inn og sjå alle hageromma hennar. Hadde eg visst det, så hadde eg sjølvsagt hatt med fotoapparatet. Bilda er frå min eigen hage. Naboen hadde ein klar idé med hagen; mest muleg grønt. Andre fargar var kvitt og lilla. Formene er viktige for henne. Hagen bar preg av at nokon jobbar der kvar dag.

Slik er det ikkje i min hage. Den treng sårt at nokon legg ned ein arbeidsinnsats, ja! Men her er roser og peonar å gle seg over.
...og skvåsj. Eg har to kategoriar som ikkje likar skvåsjnytt:
1. Dei som er uinteresserte i skvåsjdyrking.
2. Dei som irriterer seg over stavemåten eg har valt!

7 kommentarer:

Milena sa...

Flotte bilda!
Eg går rundt og gler meg over samme blomster og ventar på første jordbæra.I dag var eg inne heile dagen og laga bryllupskake,bilde i morgå,så ikkje alle ser kaka før bruda,he he...

Besta sa...

Eg har lenge tenkt å be om å få ta bilde i naboens hage, men eg tek ikkje så fine bilde som du. Eg skuldar på fotoapparatet. Men vi skulle vore der då rhododendronen blomstra. Ho har minst 30 stk i fagar frå kvitt via rosa til mørk lilla.Det er eit syn for gudar. Men ein slik hage gjer seg ikkje sjølv.

solveig sa...

Theta Pehta skulle ha sett den hagen, heilt ulik hennar, men eg er sikker på ho hadde forstått seg på han.

Elin sa...

Er det hagen til dama eg kjenner heilt borti krysset? Ja, eg høyrer nok til kategori 2, likar ikkje stavemåten...

solveig sa...

Ho er vel frå Eid og bur i krysset. Ho vil finne ro og harmoni i hagen. I midten har ho ein bekk som sildrar. Elles hadde ho laga fine rom i hagen, heilt skjerma, så du følte ikkje at du var i eit kryss.

solveig sa...

Når det gjeld staving, så gjer eg det litt på fill. Viss ein leikar litt med språket, vert ein kanskje meir bevisst. Elevane mine synest det er gyseleg. Eg seier eg synest det er litt tøft t. d. å skrive sørvis. I dag oppdaga eg det på "Taggart".

Besta sa...

Eg veit at diverse hagelag, blant anna frå Eid, har vore på besøk hos naboen min.Og aviser har hatt reportasjar derifrå. S. likar å vise fram og fortelje om hagen og plantane.Ein har ulike pasjonar her i livet; somme strikkar, andre les osv. Det som er viktig er å finne ein hobby ein trivst med.