måndag 15. juni 2009

Bok 34: Ung forfattar

Denne boka er debutromanen til forfattaren. Han var berre 20 år då boka kom ut, og han vart genierklært. Dette kan de lese om her.

Sett i lys av dette, er romanen god. Men skal teksten tale for seg, ville eg ha vurdert den annleis. Historia er spesiell, men er berre underhaldande. Språket er stivt riksmål. Det manglar originalitet og "det vesle ekstra" som mange forfattarar meistrar på kvar sin måte.

1 kommentar:

Besta sa...

Eg oppdaga at eg har lese ei av bøkene du har lagt inn på MP3-spelaren min før. Det var Anne Holt si. Eg hugsar ikkje så mykje, men kjenner det att.Den du skriv om her har eg ikkje lese.Kunne vere interessant. No les eg Jan Mehlum. HAN likar eg.