laurdag 20. juni 2009

Mimring: 14.juli 1968

Eg var svært fotointeressert i min ungdom. Det vart tatt ein del lysbilde på 60- og 70-talet som eg fekk laga papirbilde av. Desse er i fargar. Eg skal legge ut ein del bilde frå både Nordfjord og Sogn, men det vert ikkje alt på ein dag.

Margrete vart døypt på mormor sin 64-årsdag. bilda er frå leilegheita hennar. Ho arbeidde på kjøkenet på sjukehuset på Eid til ho var 70 år. Då var ho kjøkensjef.
Eg hugsar litt av denne dagen. Eg fekk i alle fall høyre at eg sette meg vel tidleg til bords. Eg var lova ein ny kjole viss eg fekk meg syste. Den var eg veldig glad i. Men det med arvinga, trur eg ikkje vart noko av.




2 kommentarer:

Besta sa...

Her har du forrekna deg litt. Sidan Margrete vart fødd i 1968,kan ho umulig ha blitt døypt på mormor sin 60-årsdag fire år før!
Legg merke til kor svart mamma sitt hår framleis var på 64- årsdagen. Tynt på toppen rett nok.Dåpskjolen leigde pappa på renseriet her i Ørsta, og den var nydelig med rosa mønster i "overkjolen".Sidan M. berre var 3 veker gammal då ho vart døypt, kunne ho ikkje bruke den kjolen som de andre var døypte i.Vi hadde middag på Heimen, no Bryggen hotell, og kaffi heime hos mormor.Audny og Hilde fekk ikkje vere med, for dei hadde kikhosten.

solveig sa...

Og det var no ikkje med måte heller! No skal det vere rett, håper eg.