laurdag 27. juni 2009

Smart?

Blogglesarane har kanskje oppdaga at eg likar å prøve ut nye ting og tang til kjøkenet og huset elles. I dag kom eg over denne kluten på Prix. Det er ein mikrofiberklut med ein ekstra "skrubb" til vanskelege flekker. Smart?

No driv eg og legg gamle, holete klutar og handdukar for å ta dei med på ferie og kaste dei etter bruk. Det er godt å sleppe å dra med seg halvvåte handdukar frå ei hytte til ei anna. og så kan ein koste på seg noko meir delikat når ein kjem heim.

4 kommentarer:

Besta sa...

Kjekt med nye ting i huset, då blir sjølv den kjedeligaste jobb litt kjekkare.Eg prøvde den nye kasserollen i dag, til fiskebollar i kvit saus. Amsolutt ingen ting hang fast i botnen.Eg skal spare den for maskinvask, let den berre stå ei stund med varmt vatn i, så blir den rein av seg sjølv. (Hugs:Eg har ein av samme typen før!) Merket heiter Gourmet-eller "går med" som du kanskje ville ha skrive?

Besta sa...

Absolutt!!!

solveig sa...

Eg har ei god panne i 3 1/2 l, men kunne tenkt meg ei mellomstor på 4 1/2 t.d. Eg hadde/har ei som er øydelagd av ein annan enn meg med ribbefeitt på altfor sterk varme. Men eg har no ei stor og god grautpanne, då, som eg ikkje treng å ha full. Eg prøver å begrense kva eg tek i hus, men det skjer seg stadig vekk.

siddisisalou sa...

Så smart - godt at du tenker litt for oss andre - og takk for tipset