søndag 20. januar 2008

WISP - Work in slow progress

I tida før eg fekk meg brødbakemaskin, likte eg å bake ein del når eg først var i gang. Men eg vart hemma av ein fryseboks på ca 300 l. Dermed kjøpte eg meg ein til. Resultatet vart at eg fekk to fulle frysarar. Kvar sommar tømer eg den eine før eg avviser den, flyttar over innhaldet frå den andre og avviser den.

Men kva skal eg eigentleg med to frysarar no? Kva treng ein eigentleg å fryse anna enn bær og litt bollar og brød? Butikkane er opne til 20.00 om laurdagane og til 22.00 elles i veka. Tilbod har dei heile tida. No skal eg tøme den eine. Straum kan ein spare og.

Så no går eg systematisk til verks. Og det begynner å vise.

Vi lever ikkje akkurat dårleg. I går tok eg opp kyllingfilet. Eg hadde kjøpt ein Bali-gryte-pose i tillegg til ein eg hadde i matboda.(Det lageret skal og tømast)

Håkon si kake laga eg av det eg hadde på lager: Ein bløtkakebotn på 28 cm som eg fraus ned forrige helg, to stk Piano vaniljekrem, 1 pk fløyte frå forrige helg, 1 pk bjørnebær+1 pk bringebær frå frysaren og ein blåbærgele frå matboda.

p.s. Eg tek i mot oppskrift på heimelaga Bali-gryte, eller tips om kvar eg kan finne det.

4 kommentarer:

Besta sa...

Du kan no søke på Internett. Elles plar eg lese bak på posane kva ingrediensar som er brukt og prøve å lage utfrå det.Men kva er i vegen med Toro Bali-saus?

Milena sa...

Ja,Toro he ein Bali gryte,men eg ville tro det er ingen oppskrift som heite det...det er ein kylling karri fra Bali...
http://www.baliguide.com/balifood/siap_base_kalas.html
her er noke som "høyres ut "som Bali gryte

solveig sa...

Takk!
Eg har fått servert heimelaga hos systra m, trur eg... 45 kr i Toro pulver + fløyte, er ikkje akkurat verdt pengane. Der er tørka ananas og paprika i den. Mykje betre med friske ingrediensar sjølvsagt.

Besta sa...

Eg kjøpte berre ein SAUS frå Toro, og med fløyte vart det GODT, synest eg.