måndag 7. januar 2008

Og jula varer ikkje heilt til påske.

No har vi tatt vekk all julepynt vi har funne i helga. Erfaringane tilseier at vi kjem til å finne litt her og der i dagane framover, så vi pakkar han ikkje opp på loftet før til neste helg

Det einaste som har ein tendens til å vare til påske, er julestjernene. Heldigvis var der komne nokre gule og visne blad.

Elles må eg ta med litt frå skulekjøkenet i dag. Vi driv med oppseding, og kan sjølvsagt ikkje tillate banning. Anna språkbruk prøver eg å bruke andre verkemiddel enn forbod på.

(Lettare oppgitt lærar:)
No snakkar vi om mat folkens, kva høyrest best ut dritbra eller kjempegodt?
(Dei tok den, og så håper eg at dei siterer meg heime...)

4 kommentarer:

arieldog sa...

Primula på tilbod 19,90 på Mega denne veka...

STRIKKEMOR(O) sa...

Morosam historie frå skulekjøkkenet! Det er ikkje få oppgåver vi lærarar har!

Besta sa...

Det synest eg var eit dritbra ide.

Besta sa...

Lurte meg sjølv litt i dag. Kom heim att med ei Stieg Larsson-bok som viste seg å vere nr.3 i Millenniumserien og direkte framhald av nummer 2.Begynte no på den likevel, for eg hadde ikkje anna.