laurdag 5. januar 2008

Siste dag på isen

Her på Hareid brukar Grimstadvatnet å vere ein populær plass når det er islagt. I går var det minusgrader og flott isføre. I dag er her plussgrader og vatn på isen.

Medan far og born har vore på isen, har mora drive ein annan idrett, shopping. Eg for saman med ei venninne og tråla butikkar i Ulsteinvik. Til slutt gjekk vi på krukkehuset og kjøpte oss kaffi. Vi budde i krukkehuset for 20 år sidan, då vart det kalla Fløhuset. No er det ombygd og der er galleri. kafé og healingrom.

Audun er på Stranda. Der har han vore på nattcup. Vi veit berre at dei vann første kampen mot eit godt lag tidleg på natta. Og det er vel eit godt teikn at han ikkje er heimkomen.

Einar har starta praksisen i Sunnmørsposten. Det har vore mest opplæring denne veka. I går var han på Valderøya. Dei som har avisa kan sjekke s. 6.

3 kommentarer:

Besta sa...

No har eg lese reportasjen som Einar hadde frå isen på Demma. Bra jobba!!!

arieldog sa...

Nydeleg bilete - men blir det SISTE dagen på isen? Vi hadde no håpa på å kome på besøk og teste skøytene i år òg.... I dag har far og born hos oss vore på Harpefossen og stått slalom/snøbrett medan mor har gått tur med hundar og sett terminkarakterar. Det har ikkje blitt mykje sal hittil, og då blir det vel ikkje heller. Vi kjøper etter kvart som vi treng, tenkjer eg.

Elin sa...

Heldig du som har pengar att etter jul....eg er alltid like blakk i januar, og får ikkje fråtse i salfreistingane.