torsdag 17. januar 2008

Focaccia




Denne veka har eg vist elevane korleis vi lagar focaccia. Første gongen eg smakte focaccia, syntes eg det var litt uvant og litt salt. Etter kvart har eg blitt glad i brødet. Eg synest det høver godt til eit ostefat t.d. På skulekjøkenet serverte vi det til pasta carbonara og salat. Det er artig å sjå korleis nokon hiv seg over brødet og synest det er kjempegodt. Ein av karane her i huset har det til yndlingsbrød.
--
Eg laga deigen i foodprosessor før elevane kom. Som regel lagar eg ein deig til kantina og leiter fram råvarer før skuletid, så det bør gå raskt. Leksjonen starta med at eg kjevla ut deigen og sette brødet til heving. Deretter står andre ting for tur før eg viser dei korleis vi stikk fingrane i brødet og har olje, salt og rosmarin på. Eg let brødet heve ei god stund til før eg steikte det. Då vert det lettare med større porar. Det som gjer brødet ekstra godt, er at olivenoljen kjem ned i brødet.

2 kommentarer:

arieldog sa...

Noko anna som er godt, er å servere brødet til blomkålsuppe! Eg har ei oppskrift på focaccia der ein legg raudløk og Norzola-ost på toppen. Då har ein ikkje salt på i tillegg, sjølvsagt. Gratulerer med dagen til H, forresten!

solveig sa...

Eg er veldig glad i svarte oliven på. Variasjonsmulegheitene er store.