laurdag 19. januar 2008

Ja til kjærleiken!

I morgon skal eg gå i fakkeltog.
Ei tamilsk jente med norsk statsborgerskap har gifta seg med ein tamilsk gut utan at han har opphaldsløyve. Han har budd i Noreg i 10 år og er no utvist.

Norske jenter har rett til å gifte seg med den dei vil.
Så enkelt er det for meg.
Og skaff mannen arbeid. Det er det han ønskjer.
Om han kjem frå Danmark eller Sverige eller har loge på alderen etter råd frå andre, får stå si prøve. Kva hadde vi gjort i ein liknande situasjon?

Eg hugsar godt jenta frå tida mi i barneskulen.
Medan dei andre elevane tømde sekken si til helga, fylte ho den. Ho ville lære meir. No driv ho og tek sjukepleieutdanning.

På 80-talet gjekk vi i tog kvart år og ropte "Nei til renter i studietida!".
Kva skal vi rope i morgon?
Ja til kjærleiken! Eller - skal ein rope i fakkeltog!

Til blogglesarar frå Hareid: Møt opp!

2 kommentarer:

Besta sa...

Ja, stå på for desse to! Skal folk visast ut frå landet vårt, bør det skje før det har gått 10 år!!!!
Og vi treng arbeidskraft. Så kva er problemet? Smålegheit? Paragrafrytteri? Lykke til! men de treng ikkje å rope.
"Det går et stille tog......."(Dikt av BB- om noko heilt anna.) Av og til er stillheita meir talande enn ord!

solveig sa...

Eg kjenner ikkje alle detaljar. Han har sikkert opphalde seg her ulovleg ei tid. Kven som har "velsigna" ekteskapet veit eg heller ikkje. 40-åringane lever nok i arrangerte ekteskap. Desse to har heilt sikkert noko å tilføre Hareid og Noreg!