torsdag 24. januar 2008

Sosakjøt

Denne veka har vi laga sosakjøt eller "Kjøt i mørke" av flatbiff på skulekjøkenet. Alle elevane smakte på denne retten. Ein som stort sett er skeptisk, proklamerte at dette var det beste han hadde fått her. Første dagen laga eg ertestuing. Vi varma opp litt kvar dag. Nokre er tydelegvis vane med det, men det går lite av det. Likevel har eg ikkje lyst til å kutte heilt ut ertestuingen. Noko stor utgift er det no ikkje.

Neste veke står "oksekjøtval" på menyen. Då bestemmer gruppene kvar sin gryterett frå bøker, Matprat og brosjyrar. Rettane set dei på ein buffé slik at alle får smake.

Til dessert hadde vi fruktsalat med yoghurt. Neste veke skal dei lære å lage sitronfromasj.

3 kommentarer:

Besta sa...

De lagar mykje god mat på skulekjøkkenet!!!Fint at dei får lage "gammaldags" mat også. Før i tida var sosakjøt bryllaupsmat mange stader i landet, men det veit du vel?

Besta sa...

PS: Bildet er vel frå ei bok? Det ser ut som der er tomatpuré i sausen? Det var ikkje vanlig før i alle fall.

solveig sa...

Bilde er frå ei bok/hefte "Storfekjøt". Det var faktisk vanskeleg å finne bilde, det er vel litt fargelaus mat. Mari Anna hadde sosakjøt i sin konfirmasjon, og det veit eg fleire som har hatt. Ein del elevar vil lage Biff Stroganoff neste veke. Dei køyrer safe.