søndag 27. januar 2008

Gunda (eller Wisp)

I Sunnmørsposten i går skreiv Gunda. "I løpet av eit år er det utruleg kva ein frys ned, men å få ete det, ja det er ei anna historie....." Andre enn eg som kjenner seg att?

To skritt fram og eitt tilbake.
Eg har tatt opp
- kotelettar (det har eg eit prinsipp på at eg aldri skal fryse, men fall for freistinga til 34,90 på Prix.
- fisk (trudde der var tomt, men fann nydeleg lyr son vi steikte)
- to posar lapskausblanding (vart til pølsegryte ein dag eg kom seint heim)
- pinnekjøt og mor
- ei flaske saft
- 2 boksar is til Klassefesten (laurdagsgodt)
Eg har frose ned
- brasiliansk fruktkake (paranøtter til halv pris, og den frå jul er oppeten)
- 5 brød(?) (men dei er vekke til torsdag)
No gjeld det berre å halde fram. Spesielt viktig er det å få opp all middagsmat. Målet er å greie seg med ein frysar.
p.s
Hugsar de den tida kakene skulle vere opp-ned? Eg har ei slik form. Denne oppskrifta fekk eg lyst til å prøve.

1 kommentar:

Besta sa...

Her i huset er vi to pensjonistar.Far har ein frysar, mor har eit fryseskap og så har vi kjøkkenfrysaren,der vi har små restar o.l. som skal vere for hånden. Det er altså nedste delen av kjøleskapet. Vi har store problem til tider med å få plass til all maten vår.Er ikkje det typisk?