måndag 14. januar 2008

Søskenbarn

Fjortisane. Eit par månader er dei fjortisar begge to.
Amanda.
Erlend. Sist han var på Hareid gløymde han å ete. Han kan sitte på timesvis å leike seg roleg. Eg likte godt å leike med duplo då ungane var små, så vi har ein del av den sorten. Den pedagogiske togbana kom ikkje i bruk før det kom Thomastog ein kunne kombinere ho med.

3 kommentarer:

arieldog sa...

Vi har duplotogbane med Thomastog... Bana er så mykje styr med å setje opp at den får ligge i fleire dagar på "duplorommet" i kjellaren.

solveig sa...

Eg har oppdaga at eg ikkje har greie på leiker lenger. Eg har no gjeve duplo vekk i gåver i mange år. Det går vel ikkje av moten på ei stund.

STRIKKEMOR(O) sa...

Eg likte også godt å leike med Duplo saman med dei tre eldste då dei var små, men no har eg ikkje same iveren, desverre! Så Henning leikar eigentleg ikkje så mykje med det han heller. Når han kjem frå barnehagen, er han så trøtt at han vil ligge på sofaen og sjå film. No for tida ser han Bjørnar sine gamle "Lillefot"-filmar. H. er blitt veldig interessert i dinosaurar, utan at vi har introdusert han til det heime. Elles er han veldig interessert i Spiderman, sjølv om han ikkje har sett filmane. Pussig eigentleg at det blir laga så masse leikar, matboksar, kle osv. i kjølevatn av filmane som slett ikkje passar for dei små barna som produkta er tenkt til.