måndag 28. januar 2008

Sitronfromasj 2

I dag leita eg fram fromasjoppskriftene eg har brukt før. Vi plussa på ei ms sukker. Eg demonstrerte sitronfromasjen og sa at dei måtte ete opp sine eigne før dei fekk smake på min, elles gjekk min på lærarrommet. Deira to fromasjar vart fort oppetne, og også min gjekk med på høgkant. No står det att å sjå om fromasjen er like populær resten av veka.

3 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Maten din ser lekker ut! Denne veka lagar vi frukt/grønsaker med dip i mat og helse. Sist tysdag var eg på strikkeklubb hos ein kollega og fekk servert minestronesuppe med brødpinnar (Grissini). Då fekk eg ideen til å servere desse pinnane saman med fr/gr.saker m/dip. Det blei kjempepopulært. Eg skal skrive opp oppskrifta på bloggen min snart. Men det liknar veldig på ei pizzadeig. Pinnane like lange som kortsida på steikeplata og vart pensla med melk og påstrødd havsalt!

Besta sa...

Matprisane skal stige kraftig!Så no må du fylle alle skap og frysarar igjen!!

solveig sa...

På skulekjøkenet køyrer eg same opplegget 6 gongar. Derfor får eg god tid til å planlegge øktene. Ein gong eg var i Molde, var der ein kokk som spruta ut grissini. Eg har aldri laga det, men det er ein lur variant til både supper og anna. Det går framover med tøming av lager, men det kjem ikkje fleire detaljar på bloggen før det eventuelt er bilde av ein tom frysar.