laurdag 12. januar 2008

Den raskaste og enklaste sjokoladekaka

Denne veka har eg vist elevane korleis ein lagar rullekake. Då er det viktig med eggedosis. Seinare skal vi røre smør og sukker for å få luft i marmorkaker.

Når ein ser i utanlandske kokebøker, verkar det som dei berre rører saman ein deig. Dette er ei sånn kake. Ikkje er det bakepulver i ho heller. Eg prøvde kaka ut på nokre elevar i fjor. Det var den beste "brownies" dei hadde smakt. Til Olaug sin geburtsdag laga eg denne i tillegg til ei snopekake. Snopekaka stod att. I dag dobla Håkon oppskrifta til den store forma mi.
Oppskrifta fann eg i Sunnmørsposten.

7 kommentarer:

Besta sa...

Dei fleste ungar er glade i sjokoladekake og denne såg veldig lettvint ut. Har tru på Gunda!!
Sjølv smakar eg knapt slike kaker. Bra med "fristelser" som er lette å motstå.

arieldog sa...

Er dette den kaka som Ingeborg brukar å lage, så er ho faktisk ikkje så verst. Fin dessert med varme bær og vaniljeis.

solveig sa...

Eg og vil ha noko attåt. I morgon tenkte eg krem og t.d. aprikosar. Eg trur det skal bli nok mat i morgon.

arieldog sa...

Vi glær oss

Milena sa...

Det er utrulig mange variantar på denne kaka.Eg laga browneis fra ein amerikansk bok og oppskrifta eg har er nesten det samme,men eg vil aldri bruke flytande margarin. Det er smøret som gjer kaka ekstra god.
Det fortelles at den tidligare bibliotekar i Maine ufrivillig skapte brownies da ho glemte å ha i bakepulver.Ho delte kaka opp i firkanta og det var det.Ho heit forresten Brownie Schrump. Fra boka:Amerika-en kulinarisk reise :-)

solveig sa...

Enig. Smør gir ekstra god smak. Før kjøpte eg flytande Bremykt til vaflar m.m. Prix har ikkje det.

Alt godt sa...

Så artig at du posta denne! Ja, denne er utruleg fort gjort å lage, og flytande bremykt gjer den endå raskare. Eg har ikkje mikro, hadde eg hatt det hadde eg nok brukt vanleg smør.