tysdag 22. januar 2008

Drapet på Harriet Krohn

Denne boka har eg på øyret no. Ein følgjer ein ranar som vert mordar. Ein vert dregen med. Eg har knapt kome halvvegs, men denne boka har eg sansen for!

6 kommentarer:

Besta sa...

Lurer på korleis du blir "dregen med".........................
Eg held framleis på med den første Stieg Larssonboka, ca 4 CD-ar att.
Elles balar eg med å få lagt inn antivirusprogram. Det blir vel til at eg må fri til Steffen.

solveig sa...

Eg held nesten med mordaren når han får brukt pengane til å skaffe seg eit liv, som ungdommane seier. Du har lese boka?

Besta sa...

Eg har ikkje lese boka, men har absolutt sansen for Karin Fossum, fordi ho ser mennesket bak forbrytaren. Unni Lindell derimot..........? Nattsøsteren som skal begynne i dag er ei av dei betre bøkene hennar, eg har lese den, men bilda på filmen stemmer ikkje med mine,derfor blir filmane/seriane heilt NYE for meg.

solveig sa...

Det er akkurat det som er facinerande. Mordaren sluttar å spele, tek opp kontakta med dottera og kjøper henne hest samtidig som nettet snørar seg kring han. Ein eller annan har fortalt meg om denne boka, eg trudde det var du.

Besta sa...

Viss dette er ei vanleg bok og ikkje lydbok, så kjenner eg den ikkje att i så fall. Titlar hugsar eg nesten aldri....men det var noko kjent med det du skriv om handlinga! Kanskje eg HAR lese den.

solveig sa...

Dette er papirutgåva. Eg trudde eg hadde scanna lydboka, men fann ikkje bildet. Derfor fann eg dette bildet på nettet. Tippar du har lese den. Eg er nesten halvvegs.