tysdag 6. januar 2009

Ord deling

Eit fenomen som held på å breie seg i språket, er ein auka tendens til å dele ord som ikkje skal delast. I dag kom eg over nokre artige døme under overskrifta
Når gamalost vert gamal ost
Kylling lever kr 27,-
Pent brukt dame sko og klede
Koke bøker berre kr 25
Røyk fritt
Glas lyse stakar med 3 kule lys
Norsk/tysk familie søkjer flytande norsk talande aupair til pass av to barn.

15 kommentarer:

Elin sa...

Eller "Lamme lår på tilbod"... Denne feiltypen er veldig irriterande, og blir gjort av folk ein skulle tru visste betre, t.d. journalistar. Odd Monsson, som eg hadde i norsk grunnfag, meinte at dette kanskje skriv seg frå engelsk, der ein skriv samansette ord i to ord. Uansett så stressar eg dette fenomenet mykje i lærarjobben min, får sjå om det hjelper.

arieldog sa...

Det har også noko med retteprogram (rette program) og sms å gjere - men mest av alt kjem skrivefeil generelt av at folk manglar respekt for rettskrivingsreglar og skriv slik dei har lyst.

solveig sa...

Eg skal ta med lammelåra også på torsdag når eg skal gå gjennom tentamenane. Det gjeld å ha ei samling med noko som er litt morosamt. Eg trur ikkje eg hadde ein einaste gjikk sist. der har eg lagt ned forbod!........

Besta sa...

Artige døme i alle fall!
Eg vil skulde litt på sms der ein ikkje får skrive lange samansette ord på "automatisk skrift"(veit ikkje kva det eigentleg heiter)-men det er no berre å trykke ein gong på slettetasten! Det gjer eg.På dansk brukar dei mykje bindestrek i samansette ord, det gjer det lettare for svake lesarar.

Besta sa...

Eg har eit anna reskrivingsproblem.Kva er regelen for samansette ord, der den første delen av ordet eigentleg skal ha stor førebokstav ?t.d. Telenorabonnement, som eg skreiv på bloggen min i dag. Det skal vel eigentleg ikkje ha stor forbokstav?DEt finst mange ord i same kategori og eg erikkje heilt sikker.......

solveig sa...

Det får vi sjekke opp...
Eitt ord som frionsdag, Ariel, kunne kanskje trenge ein bindestrek?

Elin sa...

Frionsdag bør ha bindestrek, definitivt. Hugsar eg ikkje forstod bæret ein gong eit kapittel i matteboka heitte talpar, det var eit ord eg aldri hadde sett før..men så gjekk det no sjølvsagt opp eit lys då, etter ei stund!

arieldog sa...

Eg hugsar at eg sleit med ordet daudisgrop på vidaregåande. Til jul sleit eg med powerpoint-presentasjonen i kyrkja og las "gull, røykjelaks og myrra" - men det har vel ikkje noko med saka å gjere. I neste veke skal eg på synstest for å få nye briller. Det blir på tysdag, for eg ofrar ikkje fri-onsdagen...

Besta sa...

Eg har ofte stussa på ordet talpar!

solveig sa...

Kva er daudisgrop? Grop eller rop?
Talpar hugsar eg og var ei plage!
Det viktigaste er at ein reflekterer litt over språket.

arieldog sa...

Daudisgrop er ein naturformasjon, trur eg. Ei grop, altså.

Besta sa...

Heilt sidan eg første gong las ei bok på dansk, har eg vore tilhengar av å bruke bindestrek i "vanskelige" samansette ord.Hugsar på realskulen at ein av kameratane las matrasjon som om det var eit framandord og ingen forstod kva det var før læraren delte det i mat-rasjon.

solveig sa...

Daud-is-grop, velkomen etter til meg, no hugsar eg det, berre eg får rett trykk.... Naturgeografien gjekk vel mykje ut på å forklare slike ord (fenomen)
Matrasjon og muntraksjon, legg ein trykket likt...

arieldog sa...

Spesielt interesserte kan slå opp på denne sida: http://folk.uio.no/tfredvik/amo/

solveig sa...

Takk for tipset! No har eg laga eit arbeidsark om samansette ord. Eg tok artige bilde frå denne adressa.