onsdag 7. januar 2009

Mors kjøtkaker?

På skulekjøkenet starta vi det nye året med kjøtkaker og riskrem. Det er ein populær leksjon!

Eg registrerer at det har skjedd eit generasjonsskifte. Elevane la inn protest mot uttrykket "mors kjøtkaker". "Det er mormormat!" "Koffor ikkje farmor?" skyt ein annan inn. Men enige var dei. Dette er sånn typisk mat å få hos bestemødre.

Ein annan ting eg registrerer, er at omtrent ingen likar ertestuing. Det vert kanskje siste året vi lagar det. I fjor bestemte eg at det var siste året vi laga kålstuing. Sjølv er eg veldig glad i kokt brokkoli og gulrot, men det er no eit poeng å variere litt.

5 kommentarer:

Elin sa...

De har vel risgraut i frysen på dykkar skule og? Eg hadde tenkt det same, men er sjuk, så då bestemte vi at vikaren skulle få ta ein enkel leksjon frå boka Kokeboka mi.
Jentene mine elskar ertestuing, men eg bruker den Toro sin, du veit, veldig enkelt og greitt. Ja kven av dagens mødre lagar kjøtkaker frå botnen av, det kan ein lure på. Svigermor har alltid ståande klar "bruning" til saus i skåpa si, ikkje Toropakkar der i går'n.

Elin sa...

Elles så er eg ikkje glad i ordet mors, som betyr død på latin, så mor sine er kanskje betre? Jaja, ikkje gammal legesekretær for ingen ting...

arieldog sa...

Kva med farfars kjøtkaker? Ingen som protesterer på kjønn? Sjølv er eg veldig glad i gammaldags tilbehør som ertestuing, rabbestappe, kålstuing, gulrotstuing m.m. Problemet med gamle "norske" rettar at dei tek for lang tid å lage, så då blir det helst helgamat. Og laurdagane skal ein ha taco eller pizza...

Besta sa...

Sjølv om eg er både mormor og farmor er det sjelden eg lagar kjøtkaker.Det hender like ofte at eg kjøper dei på butikken.Synest ikkje mine heimelaga blir så mykje betre. Og brun saus til to lagar eg frå pakke, som regel.Men eg har i eit eller anna som gir det vesle ekstra. Ertestuing derimot har vi alltid i hus! Kokar i store mengder og frys ned i passelige porsjonar.Tinar i mikroen.Det er eit godt tips.

solveig sa...

Ein må koke opp att graut som har vore frosen før ein lagar riskrem. Vi har restar etter juleverkstaden.
Vi kokar god ertestuing frå botnen av. Eg forstår ikkje skepsisen, men det handlar nok om kva ein er van med.
Elevane vert overraska over kor enkelt det er å lage både brun saus og kjøtkaker.
Å kjøpe ting treng dei ikkje lære på skulen.
Ungdomsskuleelevar er ikkje opptatt av likestilling. Det er som regel eg som må spørje om det er nokre sterke jenter her....